Hopp til innhold

– Eg vil ikkje at eventyret skal ta slutt

Andrea Santiago Stønjum (16) har teke «The Voice» med storm. Og måløyjenta er ikkje klar for å reise heim frå talentkonkurransen.

Andrea Santiago Stønjum

FÅR SKRYT: Andrea Santiago Stønjum har kvar einaste fredag fått skryt av mentorane i «The Voice». – Det er kjempemotiverande og gjer at eg berre gler meg meir og meir til fredagane, seier ho.

Foto: TV2

– Ikkje fordi eg ikkje er nøgd med plasseringa, men fordi eg ikkje vil at eventyret skal ta slutt. Det har vore ei fantastisk reise og eg vil ikkje reise frå gjengen og mentoren, seier ho.

Fekk sjokk

Songtalentet frå Måløy har imponert. TV2-publikumet har røysta 16-åringen frå delfinale til delfinale. No er det att tre livesendingar og seks deltakarar, før vinnaren blir kåra 9. desember.

Fredag fekk ho sjokk då heile salen, inkludert mentorane, reiste seg etter framføringa av Adele's «Set Fire To The Rain».

– Eg var nøgd sjølv, men hadde aldri venta ein slik respons. Det var ei heilt uverkeleg kjensle då alle reiste seg. Eg var heilt i sjokk, fortel ho.

– Beste framferd

Om publikumsrøystene var klar tale, var mentorane endå klarare. Morten Harket tykte det var eit modig låtval av 16-åringen. Lene Marlin var over seg av begeistring.

– Kanskje di aller beste framferd i «The Voice». Du har ei fantastisk røyst. Utruleg bra, sa Lene Marlin.

– Du har aldri vald ein meir perfekt låt som får røyst di gjennom, som i dag. Aldri, meinte Yosef Wolde-Mariam, mentoren til Andrea.

Meir sjølvsikker

Yosef Wolde-Mariam

MADCON: Mentor Yosef Wolde-Mariam er til vanleg med i rapduoen Madcon. – Han er kjempekul, hyggeleg og veldig gøy å jobbe med. Yosef får meg til å slappe av og har gjort meg meir sjølvsikker, seier Andrea Santiago Stønjum.

Foto: Øivind Olsson / NRK

Det er sistnemnde sine ord som veg tyngst i ein hektisk kvardag med øving, kostymeprøver og Spotify-innspelingar. Andrea trivast godt i «The Voice»-eventyret.

– Det kan vere hektisk, men eg likar det, seier ho.

– Du har fått meirsmak på artistlivet?

– Ja. Eg håpar at eg kan få leve av musikken etter dette.

Fekk frieri

16-åringen har kome ut av teljinga på kor mange kjende og ukjende som kontaktar henne etter at ho kom med i «The Voice». Alle er positive. Ho svarar så mange ho klarer.

– Det meldingar frå gutar og jenter i ulike aldrar. Dei tykkjer eg er kjempeflink og håpar at eg vinn og skriv at eg er eit stort førebilete. Det er hyggeleg å høyre, seier ho.

– Og du har fått mange nye Facebook-venner?

– Eg tenkjer ikkje så mykje over det, men det aukar no litt og litt kvar dag. Men det viser at folk følgjer med og at dei heiar på meg. Det er koseleg.

Seks att

Neste fredag er det duka for nye nervepirrande sekund på TV-ruta når ein ny deltakar må heim. Då står det mellom Andrea, Thomas Løseth (29), Elise Nærø (29), Agnes Stock (23) Malin Joneid Ellefsen (23) og Sebastian James Hekneby (27).

Førebels har ikkje 16-åringen frå Måløy og mentor Yosef lagt på plass brikkene som skal få henne vidare.

– Vi byrjar denne veka å planlegge. Låtvalet er klart, men det er hemmeleg, avsluttar ho.