– Tener meir på å selje sauekjøt direkte til kunden

FØRDE/NAUSTDAL (NRK): – Vi har heller ikkje svinn, seier sambuarparet Isabelle Ullenes Hagen og Leif Arne Helle.

Sauedrift

BØNDER: Sambuarparet Isabelle Ullenes Hagen og Leif Arne Helle satsar mellom anna på rasen grå trøndersau i kampen om matkundane.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Reaksjonane har vore mange etter at det denne veka kom det fram at tonnevis med sauekjøt vert stua vekk på norske fryselager. Årsaka skal ifølgje Nortura vere at nordmenn foretrekker lammekjøt i frysedisken.

I Førde møtte likevel folk opp i hopetal då bønder i den lokale Reko-ringen kom for å selje kjøtet sitt på ein parkeringsplass torsdag kveld.

Ei av dei som møtte opp var Camilla Voss. For ho er det eit bevisst val å handle økologisk.

– Eg vil helst kjøpe sauekjøt direkte frå bonden. Å kaste saueskrottar høyrer ikkje nokon stad heime, seier Voss.

Sauekjøthandel på Reko - ring

ØKOLOGISK: – Eg tykkjer jo det er bra med det økologiske tilbodet her, men for at folk flest skal få tak i sauekjøt så må det vere i dei vanlege butikkane, seier Camilla Voss. Sjølv føretrekker ho å kjøpe frå bonden sjølv.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg støttar bønder som satsar på å produsere gode varar, samstundes som at dyra har det bra. Då kjenner eg meg tryggare enn om eg skulle kjøpt det i ein kjedebutikk, seier ho.

Tener meir på direktesal

Dette er som musikk i øyra til sambuarparet Isabelle Ullenes Hagen og Leif Arne Helle som driv Helle Gard i Naustdal. Dei får mykje betre betalt når dei sel sauekjøtet direkte til kundane.

– Nå vi leverer sauer til slakt tek vi skrottane tilbake igjen og sel dei i Reko-ringen. Hadde vi levert på vanleg måte til Nortura ville vi fått sju kroner kiloen. Når vi sel gjennom Reko-ringen kan vi ta 130 kroner kiloen, seier Ullenes Hagen.

– Sauen har ein mykje større verdi enn det vi får betalt på slakteriet, seier ho.

Lokale Reko-ringar finst over heile landet der bønder sel produkta sine direkte til kundane via Facebook. Kundane hentar matvarene på faste stader til avtalte tidspunkt.

I tillegg understrekar ho at dei heller ikkje har svinn.

– Dei som kjøper hos oss gjennom Reko-ringen er medvitne på at dei ikkje kjøper meir enn dei treng. Dermed unngår vi svinn, seier ho.

– Tragisk svikt

– Gjer ein det meste av jobben sjølv med marknadsføring og sal ut mot kunden, så sit ein igjen med meir. I dag er det berre Reko-ringane og Bondens Marknad som tilbyr sauekjøt i handelen. Ein finn det ikkje i daglegvarebutikkane, seier Larsen.

Håvard Larsen i sauefjøset

MISOPPFATNING: Larsen meiner at det er ein misoppfatning at lammekjøt er betre enn sauekjøt. Han meiner marknadsføringa av kjøttet må verte betre.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Han er ein av pådrivarane i Reko-ringen i Førde og sel sjølv kortreist mat frå Angedalen Gardsutsal.

Ifølgje Nortura ligg det i år an til at om lag 600.000 kilo frå slaktinga i haust, vert til svinn.

Larsen meiner svikt i fleire ledd er årsaka til at nesten ingen vil ha sauekjøt.

– Dersom sauekjøtet hadde vorte marknadsført skikkeleg ville langt fleire etterspurt det gode kjøtet. Svikten har vore stor og her må mange skjerpe seg. Både butikkane og slakteria må jobbe betre.

– Må betre marknadsføringa

Ifølgje Larsen må konkrete tiltak verte gjort for at folk skal forstå at sauekjøttet ikkje er eit dårleg alternativ til lammekjøt.

– Sauekjøtet må ut i butikkane slik at kundane får sjå at det er eit alternativ. I tillegg må marknadsføringa bli mykje betre.

– Er det noko gale med sauekjøtet sidan så få vil ha det?

– Det er ingenting gale med sauekjøt. Det har vorte ein myte at lammekjøt er så mykje betre enn kjøt av vaksen sau.