Det fortel Weche Lie Lysne, tidlegare pleie- og omsorgsleiar i Læral kommune.
Ho tek no bladet frå munnen og fortel korleis ho opplevde situasjonen då Sanden kom inn på kontoret og kravde at ho leverte oppseiinga.
– Uhøyrd
NRK har tidlegare skrive at Lærdals-rådmann Bent Arild Grytten ikkje er åleine om å hevde at han har vore dårleg behandla av ordførar Arne Sanden (Ap).
Grytten er no sjukmeldt etter at Sandan skal ha prøvd å tvinge han til å seie opp. Dette i samband med sterk usemje om utforminga av 2010-budsjettet.
Etter store overskridingar i pleie- og omsorgssektoren, fekk også Lie Lysne beskjed om å seie opp. Dette skjedde våren 2008.
– Ein må nesten klype seg sjølv i armen for å tru det er sant at folk oppfører seg på denne måten. Det er sjølvsagt heilt uhøyrd og heilt uakseptabelt, seier Lie Lysne.
Følte seg overrumpla
Ho følte seg fullstendig overrumpla då ein alvorleg Sanden steig inn på kontoret hennar og gav ho beskjed om å levere inn oppseiing.
Ho kjenner seg godt igjen i det som Grytten har gått ut med:
– Eg fekk også besøk av ordføraren på kontoret mitt ein fredag ettermiddag der ha ba meg om å sei opp stillinga mi, og at han helst såg at eg leverte oppsigelsen min og at den låg på kontoret hans måndag morgon. Og viss eg ikkje gjorde det, så ville han gå den «harde veg» som ha uttrykte seg.
(ARTIKKELLEN HELD FRAM UNDER BILETET)
– Skulle haldast hemmeleg
Lie Lysne skreiv aldri ein oppsigelse, men ho kontakta i staden sin overordna. Dåverande rådmann var heilt ukjend med samtalen mellon Sanden og Lie Lysne.
– Når det begynte å gjere litt motstand, så sa han at denne samtalen aldri hadde funne stad, fortel ho.
– Så Sanden ville at samtalen mellom dei to skulle haldast hemmeleg?
– Ja!
Ordførar Arne Sanden vil ikkje kommentere saka.