– Eg var livredd og var sikker på at eg kom til å døy

FØRDE (NRK): Kristian Viken var sikker på at han skulle døy då han vart overraska av dårleg vêr under ein flygetur frå Hoven i Loen laurdag kveld. Til alt hell kom han frå naudlandinga i fjellsida med berre brotskadar.

Kristian Viken etter paragliderulukka frå Hoven

MOT ALLE ODDS: Kristian Viken slapp frå paragliderulukke med berre brotskadar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg hadde englevakt. Det er mot alle odds å overleve ein slik tur oppe på 1.000 meter, seier Kristian Viken.

Laurdag kveld skulle 39-åringen frå Molde fly med paraglider frå fjellet Hoven i Stryn. Etter at gondolbana kom, er fjellet blitt eit populært mål for dei som driv med luftsport. Laurdag kveld teikna alt til at også den siste turen ned skulle bli problemfri. Vêret var fint og ein kunne så vidt skimte skodde langt borte i horisonten.

– Men etter eit par minutt i lufta så eg skodda kom, og den kom så fort at eg skjøna at eg kom til å verte fanga i ho, seier Viken.

Alt vart kvitt

I det skodda kom, fekk skjermen til Viken eit løft. Han prøvde å trekke inn vingetippane for å få ned hastigheita slikt at han kunne kom seg ned, men det var nyttelaust. Han vart fanga i skodda og såg ingen ting.

– Alt vart heilt kvitt. Eg prøvde å hugse siste posisjonen min før eg forsvann inn i skodda.

Han hadde då fjellet på venstre side og bestemte seg for å prøve å fly rett fram og etter kvart svinge mot høgre. Etter nokre minutt auka vinden på og det byrja å regne. Viken vart kasta rundt og fekk skikkeleg juling i lufta og miste etter kvart også retningssansen

– Etter ei stund så venta eg berre på at det skulle smelle.

Så opna skodda seg og han såg han var på veg rett mot fjellveggen.

– Då klarte eg akkurat å styre unna før eg forsvann inn i skodda igjen, seier Viken.

Kristian Viken i paraglider

I LUFTA: Her er Kristian Viken i lufta på ein litt mindre dramatisk tur.

Foto: Privat

Ikkje lett å føresjå

I Luftsportsforbundet seier fagsjef Trond Nilsen, at dei har reglar på at dei i utgangspunktet ikkje skal fly inn i mørke skyer.

– Men i dette tilfellet oppstod dei så fort at det var vanskeleg å føresjå at det skulle skje, seier Nilsen.

På grunn av eit temperaturfall laurdag danna det seg i løpet av nokre få minutt mørke skyer både over og rundt fjellet Hoven. I desse vart Viken fanga.

Kristian Viken henta med helikopter etter ulukka

FLYDD TIL SJUKEHUS: Her blir Kristian Viken henta med helikoter etter ulukka.

Foto: Privat

Var sikker på å døy

Då skodda lukka seg om Viken for andre gong var han sikker på at no var det slutt. Ikkje såg han noko og ikkje visste han kvar han var.

– Eg var livredd. Eg fekk god tid til å tenke i lufta, eg var 15 minutt inne i skodda og eg tenkte at dette var siste turen min. Eg lurte berre korleis eg kom til å døy, for det var heilt usannsynleg at det skulle gå bra, seier Viken.

Englevakt

Med eit så small han inn i fjellveggen før han ramla ned og til slutt hamna på ei fjellhylle. Kraftig mørbanka fekk han sendt ei tekstmelding til venene som fekk ringt etter helikopter

– Etter kort tid kom redningsmannskapa og eg vart flogen ut. Eg har vore svært heldig. Eg trur at det var ein som passa på meg. Eg bad om hjelp der oppe i lufta og eg fekk hjelp, seier Viken.