– Det ramla ned steinar store som minibussar og knuste vegbana, eg trur nok heilt sikkert at vi redda seks eller sju liv der oppe i dag, seier Steensen.
Steensen driv ein campingplass i nærleiken, og han var ein av dei som hamna midt oppi raset. Han ringde NRK kort tid etter at det første raset hadde gått, og då var han framleis ikkje sikker på om han var trygg eller ikkje.
Nede att på campinga stod han og såg på at eit andre ras raste nedover fjellsida, og då bestemte han seg for å gjere noko.
– Eg og ein kamerat tenkte at no kjem det til å kome endå fleire ras, så vi heiv oss i bilane og køyrde oppover mot raset att.
Vil ta dagar
Ein geolog har no undersøkt området, og kome fram til at det lyt sprengast ut eit stort område før det blir trygt å ferdast eller opphalde seg i området. Truleg vil det gå minst to dagar.
– Det er eit under at ikkje liv har gått tapt. Mange bilar har vore svært nær raset, seier innsatsleiar i politiet Frank Liestøl.
Tidlegare tysdag ettermiddag har Flenja-, Gudvanga- og Stalheimstunellen vore stengd. Men no er Flenja- og Gudvangatunnelen opna igjen, det er likevel omkøyring over Vikafjellet for dei som skal til og frå indre Sogn og over Hardangervidda for andre.