Hopp til innhold

– Eg trur nok at gutane våre fekk litt hakeslep

Denne gjengen er akkurat tilbake frå eit besøk hos eit av verdas beste gutekor.

Førde og Bergen gutekor held konsert i Corpus Christi College Chapel i Cambridge

SJÅ: Her kan du sjå Førde gutekor og Bergen guttekor synge i Corpus Christi College Chapel i Cambridge.

– Storesøstrene min song i kor tidlegare. Ein gong song dei konsert med sølvgutane. Då eg såg det vart eg heilt hekta på kor og melde meg inn i koret her i Førde, seier Olai Fattnes Ringstad.

Han er med i Førde gutekor og er akkurat tilbake frå tur til England der koret hadde to konsertar saman med Bergen guttekor, der ein av dei var i Corpus Christi College Chapel i Cambridge.

– Eg synest det er veldig moro å synge i kor, seier Olai.

Førde gutekor framfor Corpus Christi College Chapel i Cambridge

ETTER KONSERT: Førde gutekor framfor Corpus Christi College Chapel i Cambridge. Framme frå venstre: Olai Fattnes Ringstad, Erick Nsabimbona, Sivert Grane, Erik Indrebø Nistad, Andreas Haugs og Markus Nymark Apalseth. Bak frå venstre: Asbjørn Ove Flåm (dirigent), Per Ståle Grytås, Sigve Mandelid, Johan Kjærstad, Eirik Grane og Svein Steinsland.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Var på øving med eit av dei beste kora i verda

Førde gutekor sambarbeider til tider med litt ulike kor. Denne gongen har dei vore på tur saman med Bergen guttekor. Dei unge songarane øver til vanleg kvar torsdag. I tillegg øver dei også litt heime. Men det er likevel eit heilt anna regime hos koret dei besøkte, King’s College choir, som er eit av dei beste gutekora i verda.

– Dei øver to gongar om dagen og er svært fokuserte og profesjonelle. Dei er så skolerte at ein kan verte heilt svimmel. Eg trur nok at gutane våre fekk litt hakeslepp, seier styreleiar i koret, Johan Kåre Kjærstad,

Han fortel at det var lærerikt og spanande å få vere med desse gutane på ei øving.

Førde gutekor og Bergen guttekor i Corpus Christi College Chapel i Cambridge

SPENT GJENG: Førde gutekor og Bergen guttekor i Corpus Christi College Chapel i Cambridge

Foto: Randi Indrebø / NRK

To konsertar

Kjærstad fortel at gutekora song to stadar på turen. Først song dei i Sjømannskirka i London. Dit var det mange nordmenn som tok turen. Og mottakinga var god. Han fortel at gutane var litt meir nervøse før den andre konserten, i King's college.

– Det er slik det skal vere. Dette er ei god øving for gutane i å stå framfor eit publikum og vere i ein konsertsituasjon.

Trass i nervar var alle godt nøgde etter konsertane.

– Ofte er det slik at gutane gir litt ekstra når det verkeleg gjeld. Slik var det også no, seier Kjærstad.

Når korgutane er veld heime igjen vert det ikkje mykje tid til å kvile på laurbæra. 1. desember kjem Sølvgutane på besøk og då skal gutekoret synge saman med dei i Førde kyrkje.