Hopp til innhold

– Eg trudde først det var spøk

Even Hovland (22) vakna til beskjeden om at han var teken ut til ein A-landslagstropp. – Det første eg spurte om var om det var ein spøk, seier den unge Sogndal-spelaren.

Even Hovland

GLAD: Sjølv er Even Hovland både glad og overraska over uttaket.

Foto: Rune Fossum

– Han er ein mann for framtida, sa mellom anna landslagssjef Egil Olsen om uttaket av 22-åringen frå Vadheim.

Sjølv trudde Hovland det berre var spøk då han først fekk nyheita måndag morgon.

Med telefonen øydelagd var det ikkje før Hovland snakka med ein kompis på Facebook at nyheita nådde fram til spelaren sjølv.

– Det var ein kompis som sa det til meg. Først spurte eg om det var kødd, men så sendte han meg ei lenke til ei sak på internett, så då skjønte eg at det var sant, seier ein svært glad og overraska Hovland til NRK.no.

Så god synst «Drillo» at Even er

Even Hovland er ei forsvarskjempe som tydeleg har blitt lagt merke til. Han er svært sentral i den bakre rekka til Sogndal som denne sesongen er det laget i tippeligaen som har slept inn færrast baklengsmål.

Landslagssjef Egil «Drillo» Olsen må ha ei ny kjempe inn i forsvar etter at Brede Hangeland må sone karantene for gule kort.

– Even har gått gradene på aldersbestemte landslag, og er ein mann for framtida. Han har ingen tydelege svake sider, er god både defensivt og offensivt og har eit av Norges beste tilslag på ballen, seier landslagssjef Egil Olsen til VGnett.

– Utruleg kjekt og veldig stort

For Hovland er dette aller første gongen han er teken ut i ein A-landslagstropp. Det er stort, vedgår han sjølv.

– Det er utruleg stort, og veldig kjekt å få vere med på noko slikt. Du får spele med dei aller beste, seier Hovland.

Både tippeligatopp Molde og fleire andre topplag har snusa på Hovland, men førebels held han seg i Sogndal. Hovland meiner sjølv han har prestert godt over lengre tid og trur det er det som gjer at Drillo har lagt merke til han.

– Vi har fått mykje å gjere i forsvaret på Sogndal, vi har måtte forsvare oss mykje og det har vi og eg vist at vi kan, seier Hovland og legg til:

– Det blir kjekt med ei ny utfordring. Eg er både glad og overraska og skal ta dette som nyttig læring for å kome meg vidare, seier 22-åringen som allereie har fått haugevis med gratulasjonar etter uttaket.