Hopp til innhold

Eks-statsråd Heidi Grande Røys sat framfor TV-en og grein

– Eg har hatt konkrete bilete i hovudet av tidlegare arbeidskollegaer og vener som vart drepne av bomba i Oslo. Eg sat framfor tv-en og grein heile fredag, seier tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV).

Heidi Grande Røys

TUNG TID: Heidi Grande Røys er sjokkert over det som skjedde fredag.

Foto: Simon Solheim / NRK

Grande Røys deltok søndag kveld på ei minnemarkering i sentrum av Florø . Fleire hundre menneske hadde møtt opp for å støtte kvarandre og så ved sidan av kvarandre i sorga som pregar etter den store tragedien som skjedde fredag ettermiddag.

– Kva skal ein sei då? Det finst ikkje ord ... Eg er heilt tom, seier den tidlegare statsråden til NRK.no.

– Eg tenkte det verste

I fleire år hadde Grande Røys kontor i Regjeringskvartalet. Etter bomba som gjekk av midt i ettermiddagsrushet er det nesten ingenting igjen av den tidlegare arbeidsplassen hennar.

– Svigermor kom springande ut i hagen då ho såg dei første bileta på tv-en. Eg tenkte det verste og eg tenkte at mine tidlegare kollegaer og vener var drepne. Eg fekk konkrete bilete i hovudet, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Minnemarkering florø

FLORØ SAMLA: Hundrevis av unge og vaksne samla seg i Florø sentrum søndag kveld.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Stoltenberg har vore fantastisk

Det første Grande Røys gjorde var å sende melding til kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) for å høyre om ho var i god behald. Det var ho. Grande Røys var også i kontakt med forsknings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland (SV).

– Saka har blitt meir og meir grusom. Eg er heilt sjokkert, men likevel imponert over mine tidlegare kollegaer i regjeringa. Dei har vist leiarskap av dimensjonar og eg lurer på kvar dei har fått kreftene sine frå. Det har vore til stor trøst at dei har takla denne situasjonen så profesjonelt. Jens Stoltenberg har vore fantastisk. Roleg og balansert heile tida, sjølv om han står i ein forferdeleg situasjon. Han har fokusert på det nære og den menneskjelege og ikkje spekulert i årsaka til det som har skjedd, seier Grande Røys.

Hadde ikkje livvakt

– Eg har aldri hatt livvakt medan eg var minister og eg har aldri vore inne på tanken om at det skal ha vore naudsynt. At nokon har gått til åtak på det norske styret på denne måten er eit ufatteleg. Eg har sete på flyplassar å snakka med folk utan å ha med meg vakter. Det er slik det skal vere, men no veit eg ikkje lenger.

Tankane går no til dei pårørande og til dei som har vore opplevd terroråtaka i Oslo og på Utøya. I tillegg tenkjer ho på sine tidlegare arbeidskollegaer i regjeringa og i regjeringskvartalet.

Sterkt prega

Under minnemarkeringa i Florø søndag kveld tørka ho tårene fleire gonger. Ho er tydeleg svært prega av det som har skjedd.

Ho fortel til NRK.no at det er flott og rørande at fleire hundre menneske møtte fram på Torget i Florø, og at det norske folk har vist at ein tek vare på kvarandre og står saman i denne vanskeleg tida.

Måndag ettermiddag blir det markeringar og fakkeltog i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Minnemarkering Florø

TRØYSTA KVARANDRE: Ungdommane tok vare på kvarandre under minnemarkeringa.

Foto: Simon Solheim / NRK