Hopp til innhold

– Eg såg døden i kvitauget

Leidulf Hovden frykta for livet då ein bil kom mot han i same køyrefelt.

Her kan du sjå forbikøyringa som gjorde at Leidulf Hovden frykta for livet

SJÅ VIDEO: Det var på fylkesveg 7 mellom Kvam og Granvin at Hovden opplevde denne forbikøyringa 7. april (Foto: Leidulf Hovden redigering: Ole André Rekkedal).

– Dette er noko av det galnaste eg har sett. Det var som å sjå døden i kvitauget, seier Hovden.

På veg til hytta på Hardangervidda skjer det noko på vegen som skal feste seg i minnet til Hovden, som kjem frå Sogn og Fjordane.

– Det kjem ein lastebil ut av tunnelen som ligg langt ute på kvitstripa. Plutseleg ser eg ein bil som kjem mot meg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere.

Han meiner det var nære på ein kollisjon på fylkesveg 7 mellom Kvam og Granvin.

– Eg trudde det ikkje skulle gå bra. Det var snakk om centimeter. Eg har ofte med både kone og barnebarn i bilen. Hadde den treft oss, torer eg ikkje tenke på kva som kunne skjedd.

Forvirring om blinklys

Føraren av vogntoget, som ynskjer å vere anonym, seier følgjande om hendinga:

– Inne i tunnelen høyrde eg ein merkeleg lyd frå vogntoget. Eg blinka til høgre for å signalisere at eg skulle køyre ut til sida så snart det lét seg gjere. Då har truleg bilen bak oppfatta det som om at eg gav klarsignal til ei forbikøyring.

Personen som køyrde forbi vogntoget oppfatta blinklyset annleis.

– Føraren av vogntoget gav teikn til høgre og at eg kunne køyre forbi. Eg er lokal og stolar på yrkessjåførar, seier bilisten som vil vere anonym.

Kor lurt er det å køyre forbi nokon ut ein tunnel og i ein sving?

– Det var ikkje lurt, og det er særs farleg å køyre forbi i ein yttersving, seier bilisten.

Lensmann skremd over forbikøyring

Leidulf Hovden leverte videoen over til Kvam og Samnanger lensmannskontor.

– Forbikøyringa ser ikkje bra ut. Dette er skremmande køyring, seier lensmann Terje Sperrevik.

Stasjonssjef Robert Veseth

POLITIET SKAL TA KONTAKT MED BILEIGAR: Voss lensmannskontor skal etterforske forbikøyringa, seier politioverbetjent Robert Veseth.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Lensmannskontoret sende videoen vidare til Voss lensmannskontor, då forbikøyringa skjedde mellom Kvanndal og Granvin på fylkesveg 7 i Hordaland.

– Vi skal registrere ei sak og etterforske dette. Eigaren av bilen skal forklare seg om hendinga. Vi har ikkje tatt noko stilling til skuld, seier Robert Veseth, politioverbetjent på Voss lensmannskontor.

UP-sjef: – Blinklys er lett å misforstå

UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes, uttalar seg på eit generelt grunnlag om bruk av blinklys.

Terje Oksnes, UP

LETT Å MISFORSTÅ: UP-sjef Terje Oksnes meiner bruk av blinklys kan bli misforstått.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Blinklys er lett å misforstå. Det kan hende køyretøy skal svinge av vegen og ikkje gi informasjon om at det er klart vidare. Blinklys er ikkje meint til signalisering om at det er klart lenger framme til forbikøyring, seier sjef for utrykningspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes.

Oksnes er klar på at den som køyrer forbi sit med ansvaret.

– Den som føretar ei forbikøyring skal forvisse seg om at det er mogleg på ein trygg og sikker måte, samt ha god nok sikt.

Farlege forbikøyringar er daglegdags for yrkessjåførar.

Sjå TV-saka om yrkessjåførar som dagleg kjem opp i farlege forbikøyringar.