Hopp til innhold

«Ho har ikkje kropp til å vere på stranda»

NAUSTDAL (NRK): Fleire unge gruar seg til å kaste kleda i det varme sommarvêret. – Eg føler alle ser på meg og tenkjer «ho har ikkje kropp til å vere på stranda».

Dorthea Dvergsdal

FRAMLEIS USIKKER: Dorthea Dvergsdal fekk høyre at ho var tjukk på barneskulen. Ho kjenner seg framleis usikker på kroppen sin.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Dorthea Dvergsdal (17) er blant fleire unge som kjenner på eit kroppspress.

– Eg ser tynne, flotte jenter som viser seg, og eg gruar meg til å gå i bikini, seier Dvergsdal.

Dorthea Dvergsdal

NAUSTDAL: Dvergsdal gruar seg når ho skal gå i bikini.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

I Ungdata sin rapport med nasjonale resultat frå 2018, kjem det fram at rundt 35 prosent jenter og 10 prosent gutar kjenner på eit press om å sjå annleis ut.

– Når du er gut må du ha litt breie skuldrer og definert bryst. Og ikkje gløyme å trene beina.

Ein perfekt kropp, ifølgje 16 år gamle Marco Visintini.

Marco Visintini

SOMMARKROPPEN: Marco Visintini har trena fram mot sommaren for å sjå sterk ut.

– Eg har trena ganske mykje, men ikkje ete sunt, så eg må prøve å fikse det. Eg kan alltid sjå betre ut, seier han.

Må bli snakka om

22 år gamle Stefan Halvorsen kjenner seg igjen i kjenslene av usikkerheit. Det er ikkje før dei siste åra han har vore på stranda med venene sine.

– Eg har opplevd fleire gonger at eg har hatt T-skjorta på så lenge som mogleg, fortel Halvorsen.

For han blir det litt enklare etter å ha lese om fleire som har det slik, og han meiner at problemstillinga bør bli snakka meir om.

Stefan Halvorsen

DÅRLEG SJØLVBILETE: Stefan Halvorsen har lenge slite med usikkerheit rundt kropp, men meiner det hjelper at det blir snakka om i samfunnet.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Tala frå undersøkinga viser at fleire jenter enn gutar kjenner press. Det finst ikkje gode tal på om gutar snakkar mindre om kjenslene rundt kropp enn jenter.

Marie Dvergsdal (16) fortel at ho kan gå i shorts sidan det er så få folk på stranda. Hadde det vore fleire, ville ho gøymd seg.

– Eg føler alle ser på meg og tenkjer, «ho har ikkje kropp til å vere på stranda», seier Dvergsdal.

Eit strukturelt problem

Dei mest utsette er unge menneske. Det er mange som har prøvd å finne gode forklaringar på kvifor vi er usikre.

– Noko av det er eit strukturelt problem. Vi har sosiale medium som er med på å påverke veldig. Der veit vi at det er falske bilete og normer som blir trongare, fortel psykologspesialist og forskingsleiar på Modum Bad Karianne Vrabel.

Karianne Vrabel ved Modum Bad

KROPP FORTEL IKKJE KVEN VI ER: Psykologspesialist Karianne Vrabel meiner det er viktig å ikkje bruke kroppen som måleverktøy.

Foto: Heidi Elisabeth Odde / NRK

Ho seier at også marknadsindustrien kan påverke oss. Han prøver å selje oss drastiske og enkle løysingar på korleis vi kan forbetre kroppen vår.

Det er likevel ikkje alle som er like utsette for å bli påverka av kroppspress.

– Eg har ikkje noko fokus på det. Eg driv med idrett og trenar mykje. Eg trur det er enklare for oss, fortel ein av gutane NRK snakka med på stranda i Naustdal.

Vrabel viser til at vi dreg med oss vår indre psykologi i møtet med samfunnet vi er ein del av. Det kan vere med på å påverke korleis vi føler oss.

– Vi må prøve å komme oss vekk ifrå å bruke kroppen som ein indikator på korleis vi er som menneske. Form og storleik er ikkje indikatorar på moral eller intelligens, seier Vrabel.

Ho understrekar at vi ikkje skal gløyme at fordomar knytt til utsjånad og kropp er diskriminering på lik line med anna diskriminering.

Kroppspositiv

– Eg trur mykje av grunnen til at vi er usikre er lite mangfald i dei kroppane vi ser i sosiale medium og på TV, seier kroppsaktivist Wilde Siem.

Wilde Siem

KROPPSPOSITIV: Wilde Siem legg ut bilete av eigen kropp på instagram-kontoen sin Happykropp.

Foto: Wilde Siem / Happykropp

Dei siste åra har det vakse fram fleire grupper som ynskjer å fremje kroppspositivisme. Siem driv instagramkontoen Happykropp, og har fleire tusen følgjarar.

Ho meiner løysinga kan liggje i ei anna eksponering gjennom reklame, magasin, TV og sosiale media.

– Eg trur eit større mangfald i det vi ser rundt oss kan hjelpe. Viss vi veks opp med å berre sjå ein type kropp er det ikkje så rart at vi blir usikre, seier Siem.