NRK Meny
Normal

– Eg merka det med ein gong eg var heime frå fjelltur

AURLAND (NRK): Ein bør vere varsam når ein drikk vatn i fjellet, det er oppmodinga etter at fire stykk har blitt smitta av sjukdomen harepest i Aurland.

Rein Arne Golf

SLAPP: Rein Arne Golf vart smitta av harepest i fjellet.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg drakk vatn i fjellet, og fekk harepest. Det merka eg ved at eg vart trøtt og slapp, og sovna då eg kom heim og sat meg i stolen, seier Rein Arne Golf.

Han jobbar i Statens naturoppsyn, og vart smitta av sjukdomen harepest i for nokre år sidan. Det vart også fire personar i Aurland nyleg , ein av dei fire døydde for kort tid sidan, og harepesten var medverkande til det.

– I etterkant har eg blitt meir forsiktig med kor eg hentar vatn og drikk i fjellet, seier Rein.

Korleis då?

– Eg leitar etter store vasskjelder. Helst så store at eg kan senke drikkeflaska mi heilt under vatn for å fylle. Eventuelt leitar eg etter kjeldevatn som kjem ut frå grunnen av fjellet, seie Rein.

Ikkje dødeleg i seg sjølv

Harepest kan ein få om ein er i kontakt med dyr som mus og lemen, eller frå vatn i fjellet. I utgangspunktet er ikkje harepest ein dødeleg sjukdom.

– Men om ein har andre sjukdomar i tillegg, eller er nedsett på andre måtar, så kan du døy, seier Trygve Ness. Han er lege, og behandla fleire av dei som vart smitta av sjukdomen i Aurland.

– Dei fleste av dei som får harepest får feber over lang tid, og kjenner seg generelt veldig dårleg, seier Ness.

Harepest

HAREPEST: Dette er ein av to harar som døydde av harepest i eit populært jakt- og turområde i Aurland.

Foto: Knut Fredrik Øi

Folk hentar ofte vatn på feil stad

For Rein Arne Golf var det ein skremmande oppleving å få harepest. Han veit akkurat kva fjelltur og frå kva vasskjelde han vart smitta. Heldigvis vart han raskt frisk att.

– Eg vart frisk eigentleg med ein gong eg fekk medisin.

I jobben sin er han mykje i kontakt med naturen. Han har inntrykk av at folk ikkje har så god kunnskap om korleis ein kan halde seg trygg når ein drikker vatn i fjellet.

– Det blir gjerne sagt at du må drikke frå vatn som er i rørsle. Eg veit ikkje om det alltid stemmer. Ein bør heller leite etter dei stadene der ein har tilgang til mest mogleg vatn. Då er det mindre sjanse for at du får i deg den bakterien som gir deg harepest.

Folkehelseinstituttet er samd med Golf.

– Ikkje drikk vatn direkte frå naturen i område med mykje smågnagarar, fuglar eller beitedyr. Dette gjeld spesielt vatn frå små vatn, elvar og bekkar, seier Heidi Lange, som er seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet.