Hopp til innhold

– Eg må jo lage litt show og moro!

Slik skal Arve Hafsås setje sitt eige preg på VM i skiskyting. Du kjem garantert til å leggje merke til han...

Denne skralla skal til VM i skiskyting.

KLAR FOR VM: Arve Hafsås måtte prøve den nye skralla med ein gong den var ferdig. Her er han i arbeidsklede – men snart er han klar for avreise til Oslo. Der kjem han til å bli lagt merke til. Foto: Laila Garlid

– Det har blitt eit veldig styr rundt dette. Mange som har vore på Facebook og sett videoen, ler Arve Hafsås.

Nordfjordingen er langt over snittet interessert i skiskyting. Han er tidlegare trenar for Ronny Hafsås, og reiser kvart år til Europa for å sjå verdscuprenn på stader som Anterselva og Ruhpolding.

No skal han til VM i Holmenkollen – og der har han planar om å gi lyd frå seg...

– Eg må jo lage litt show og moro på tribunen. Vi er ein gjeng som plar reise i lag. No skal vi heie skikkeleg på dei norske, seier Hafsås.

Må ta jamlege pausar frå sveivinga...

Denne veka fekk han ferdigstilt den 10-15 kilo tunge skralla, som han må løfte over hovudet og sveive rundt for å få til å fungere. Då skal det knatre godt i Holmenkollen.

– Det er tungt, men det går bra så lenge ein tek det i puljar med litt pausar i mellom, gliser Hafsås med det litt uvanlege instrumentet.

Fredag reiser han frå Stårheim til Oslo for å få med seg det aller meste av VM. Han kryssar fingrane for at Tarjei og Johannes Thingnes Bø skal få med seg medaljar frå meisterskapen på heimebane. Han takkar ikkje nei til eit nytt VM-gull til Ole Einar Bjørndalen, heller.

VM-skralla til Arve Hafsås

SKRALLA: Slik ser skralla ut. Den er designa for å lage bråk.

Foto: Privat

Målaren skal sjå etter skralla på TV

Etter at Hafsås gav seg som trenar, har han fått meir tid til å reise på skiskyting. Det heile starta då han var med Ronny Hafsås som trenar til junior-VM i Kontiolahti i 2005.

– Så balla det på seg. Vi er ein kameratgjeng som reiser rundt. I fjor var vi 14 dagar i Europa. Og vi var på VM i Ruhpolding for eit par år sidan. Skiskyting er interessant, seier han.

Sjølv fekk han hjelp frå Laila Garlid til å lakkere den heimesnikra skralla. Det er eit oppdrag den røynde målaren ikkje hadde vore borti før.

– Nei, dette var nytt. Eg kjem til å sjå etter skralla når eg ser VM på TV, ler Garlid.