Hopp til innhold

– Eg kan få sparken på laurdag

Han starta karrieren i Bremanger. På laurdag kjempar Adam Douglas om å komme vidare til semifinalen i Stjernekamp.

Adam Douglas

STJERNEKAMP: På laurdag skal dei fire deltakarane kjempe om å bli med vidare i konkurransen.

Foto: Julia Maria Nagelstad / NRK

Adam Douglas har allereie utmerka seg hos dommarane og gjort det bra i NRK-serien Stjernekamp. På laurdag er dei fire artistar som skal på scena, berre tre av dei blir med vidare til semifinalen.

– Vi har skjønt at ingen er trygge og vi er avhengige av at folk stemmer på oss. Det kan vere eg får sparken på laurdag, seier Adam Douglas.

Artisten frå USA spelte sin første konsert i Bremanger. Det var også her han fann kjærleiken.

– Eg skulle spele min aller første konsert under Bremanger Rockweekend i 2007. Der trefte eg kona mi og dermed blei eg i Norge, fortel Adam Douglas.

Adam Douglas og Kristin Solberg

FANN KJÆRLEIKEN: Adam Douglas saman med kona Kristin Solberg, som han møtte under Rockweekend i Bremanger for 10 år sidan.

Foto: Privatfoto

No har han budd i Norge i ti år, og snakkar nesten flytande Bremanger-dialekt.

– Det må eg når eg pratar med svigermor. Vi har budd på Harestua i Hadeland siden i sommar, men er på Vestlandet så ofte som mogleg, seier artisten.

Musikal og reggae står for tur

Sidan midten av august har det vore fullt køyrt for Adam Douglas. Stjernekamp er ein heiltidsjobb medan det held på.

– Det er veldig slitsamt, men eg kosar meg kvar dag. Det er ein draum å få vere med, seier han.

Kvar laurdag blir artistane utfordra i nye musikksjangrar. No er det reggae og musikal som står for tur.

– Eg gruar meg mest til musikal, det er ukjent for meg. Ein må vere skodespelar, i tillegg til å huske alle tekstane. Men eg lærar noko kvar dag og flytter grenser heile tida, så eg trur eg blir ein betre artist av det.

Han har allereie planane klare for neste år. Då skal han mellom anna tilbake dit det heile starta.

– Då skal eg ut på ein slags turne, det blir veldig kjekt. Eg skal til og med tilbake til Rockweekend i Bremanger, fortel Adam Douglas.