Hopp til innhold

– Eg har trivest. Her er så mange fine folk og ikkje stress

JØLSTER (NRK): – Det er trist, seier Roody Mohammad, og ser utover Astrups rike som han har blitt så glad i den tida han har budd her. No er det slutt for asylmottaket på Vassenden.

Roody Mohammad framom Jølstravatnet

GLAD I JØLSTER: Roody Mohammad må flytte til Hamar etter eit drygt halvår på Vassenden. Han er blitt glad i bygda og folket, og kunne godt tenkt seg å budd lenger her.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Etter sju års drift stengjer mottaket på det gamle hotellet i bygda dørene 30. juni.

– Eg har trivest. Her er så mange fine folk og ikkje stress. Eg er blitt glad i både folka som bur her og staden. Vassenden er ei koseleg bygd, og så er det kort veg til Førde der vi får kjøpt alt vi treng, seier Roody Mohammad.

Syraren har budd ved mottaket sidan oktober i fjor. No ventar Hamar på han.

Vane med å seie ha det

Då beskjeden om stenging kom budde det 130 flyktningar ved mottaket, som tidlegare var hotell med storslått utsikt austover Jølstravatnet. Mellom hotellet og vatnet susar bilane forbi på E39, men støyen frå bilane har ikkje overdøyva latter, tårer og menneskevarmen hotellet har husa sidan mars 2010. Fleire av dei som no må flytte frå Vassenden, har budd her heilt sidan mottaket opna.

– I dag har eg grine så mykje at auga mine er hovna opp. Eg er svært vand med å seie ha det til folk, då det heile tida er folk som reiser herifrå. Men i dag var det heilt spesielt, då gjengen som har budd her sidan 2010 reiste. Då kjende eg på at vi vert lagde ned. Det er frykteleg vemodig, seier mottaksleiar Grete Apalseth. Ho er tilsett i Norsk Folkehjelp, som har drive mottaket på Vassenden.

(artikkelen held fram under biletet)

Tome, nakne rom er det som står att.

TUNGT: Mottaksleiar Grete Apalseth tykkjer det er tungt å tømme romma og låse dørene når ho tenkjer på at det ikkje vert færre flyktningar ute i verda som kunne hatt bruk for plassen.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Hjarteskjerande

Apalseth seier jobben har vore ein livsstil med mange sterke opplevingar, på godt og vondt. Ho fortel at dei har lagt mykje arbeid i å gjere det så heimekoseleg og trygt som mogeleg for dei mange tusen flyktningane som har vore innom i kortare eller lengre periodar.

Dei siste arbeidsdagane går det mest i tårefylte avskjedar, der rom for rom vert tømde. For Apalseth gir det høve for mange refleksjonar.

– Tenk på alle dei som står ved yttergrensene våre. Det er ikkje blitt færre flyktningar i verda. Det er det som skjer meg i hjartet når eg no låser dør for dør. Det er veldig tungt, seier Apalseth.

Fleire av dei som flyttar ut i desse dagar har fått fast opphald og flyttar til eit nytt liv i andre norske kommunar. Andre igjen må flytte til nye mottak der dei framleis må leve i uvissa rundt kva framtida byr på. Også for Apalseth er framtida uviss. Sjølv har ho ingen jobb å gå til, og no ventar jakta på ny jobb for henne.