Hopp til innhold

– Eg har kort tid igjen å leve

LÆRDAL (NRK): For Thomas Hjermann har fiskestarten i Lærdalselvi eit tungt bakteppe. Det er siste gong han fiskar i elva han har vore ein del av nesten heile livet.

Thomas Hjermann sin siste sesong i Lærdalselvi

SISTE SESONG: Thomas Hjermann er gjerne den som har ivra mest og høgast når fiskesesongen har nærma seg i Lærdalselvi. I år er siste sesong.

Foto: Odd Helge Brugrand

Etter å ha levd med prostatakreft i elleve år har den profilerte Oslo-advokaten, sportsfiskaren og kongevennen frå Lærdal fått den verst tenkelege beskjeden.

– Legane har sagt at dei ikkje kan gjere meir for meg. Dei seier at eg berre har veker igjen å leve, fortel Thomas Hjermann.

Vil inspirere andre

NRK møter han på breidda av Lærdalselvi, like ved hytta som han og kong Harald har hatt mange gode stunder i. I over 50 år har lærdølen fiska her. Fiske og jakt har vore ein viktig del av livet.

Sola skin og vassforholda i den berømte elva er gode. Smilet og latteren sit laust. Men sjukdomen gjer at Hjermann når som helst kan gå bort.

– Fleire medlemmar av familien min var blitt råka av prostatakreft. Så eg pleidde å sjekke meg ofte. Eg sjekka meg då eg var 49 år og då eg var 50 år gamal. Men eg gjorde det ikkje året etter. Som 52-åring vart kreften påvist og diverre hadde den kome for langt, fortel Hjermann.

Thomas Hjermann sin siste sesong i Lærdalselvi

HUMØR: Thomas Hjermann valde å fokusere på det som er viktig for han. Som sportsfiske, ein lidenskap han har hatt heile livet. Her med eigenprodusert fluge.

Foto: Odd Helge Brugrand

Hjermann fekk det han kallar verdas beste behandling på Radiumhospitalet. Likevel var han uheldig.

– Fire av fem som får prostatakreft klarar seg. Eg var den uheldige femtemannen. Kreften kom tilbake og kunne ikkje stoggast. Sidan har eg levd på livsforlengjande medisin.

Han ønsker å fortelje historia si i tilfelle andre i liknande situasjonar vil gjere som han: sikre seg gode og meiningsfylte liv, sjølv med ein kreftdiagnose.

– Over alt kan vi lese og høyre om kreftråka folk sin kamp mot kreften. Eg sa til meg sjølv at den kampen må legane ta. Eg vil heller føre kampen for best mogleg livskvalitet mens det står på. Mange meiner at eg har klart det, sjølv om eg kjem til å døy av sjukdommen, og det diverre raskt, seier Hjermann.

Måtte ta val

Hjermann skjønte at han måtte ta nokre val.

– Det var viktig å velje dei tinga som gav livskvalitet for meg. Samstundes valde eg å sjå vekk frå tilværa som er skapt av journalistar som flokkar seg rundt ulike tema. I min situasjon var det supert å kunne gje pokker i alt slikt.

– Ein annan ting var at eg ikkje skulle pantsetje huset og reise til utlandet for meir eller mindre velfunderte behandlingar, og slik klynge meg til eit håp. Eg valde å stole på norske sjukehus. Det gjorde at eg kunne roe meg ned, og styre tankane og psyken mot det som var viktig. Når du veit at tal dagar er avgrensa, så vil du at dagane skal vere forbaska gode.

– Og så ville eg korkje løyse kreftgåta eller setje meg inn i sjukdommen. Eg har ikkje lest noko som helst om den. Det er gale nok å ha kreft, om du ikkje også skal fylle hovudet ditt med ting om kreft. Mitt opplegg har vore å akseptere sjukdomen, og ta ting som det kjem, seier Hjermann.

Korleis har du forsona deg med situasjonen?

– Eg har prioritert familie, reise, jakt, fiske og turar i fjella. Og redusert jobbinga, sjølv om det ikkje er lett å vere «advokat light».

– Men eg har ofte tenkt på kor fælt det må vere å leve åleine med ein slik dødssjukdom. Eg hadde ikkje klart dette utan kona mi, borna mine og syskena.

Thomas Hjermann sin siste sesong i Lærdalselvi

MANGE GLEDER: Thomas Hjermann har fiska i Lærdalslevi i over 50 år.

Foto: Odd Helge Brugrand

Fekk tre veker

Det var bryllaupsdagen 3. mai. På Radiumhospitalet låg Hjermann til sengs med kona på besøk. Inn på rommet kom tre legar. Med alvorlege ansikt sette dei seg rundt sjukesenga.

Der fortalde dei at behandlinga han hadde fått i vinter ikkje hadde verka. At no kunne dei berre gje lindrande hjelp. Og at Hjermann sannsynlegvis kom til å døy innan to-tre veker. Kanskje hadde han éin månad att.

– Det betyr at eg har slite meg til noko ekstra tid. Eg plar seie at eg er ein seig jævel. Det håpar eg kjem til nytte ei stund til.

Han har eit klart bodskap til andre:

– Mannfolk, prostatakreft rammer mange! Men det er enkelt å teste seg. Gjer det kvart år. Jo tidlegare det blir oppdaga, jo enklare er det å gjere inngrep og bli ferdig med det. Testen er enkel, det er berre ein blodprøve, oppfordrar Hjermann.

Sjølv har han vore brutalt ærleg om sjukdomen.

– Viss folk spør korleis det går med meg, seier eg at eg har det alright, men at eg skal døy. Då er det fleire som får seg ein støkk.

Tårene trilla hjå kongen

Kva har kong Harald betydd for deg i sjukdomsperioden?

– Eg har kjent kongen sidan eg var 12 år. Han er ein god venn, og vi har kome veldig nær kvarandre dei siste åra. Han har jo også hatt kreft. Slik har kongen vore ein flott samtalepartnar.

Kong Harald og Thomas Hjermann har jakta og fiska mykje i Lærdal. Hjermann er også med i kongen sitt jaktlag i Sikkisdalen. Tradisjonen tru plar Hjermann invitere jaktlaget til rakfiskmiddag heime hjå seg kvart år. Slik var det også i januar 2008 då Hjermann fortalde at han hadde blitt sjuk. Frå før hadde tre av åtte på jaktlaget blitt råka av same type kreft.

– Då tok kongen meg til side og heldt ein fantastisk prat med meg om at dette ville eg greie. Det gjorde eit kraftig inntrykk. Vi stod ute i mørket den januarkvelden, og tårene rann nedover kinna på vår kjære konge. Han er så omtenksam og omsorgsfull! Eg har vore veldig heldig som har hatt kongen som venn, seier Hjermann.

Har du kontakt med han no også?

– Ja, han kjem på fiske her i Lærdal. Eg håpar vi får ein flott fisketur saman.

Ein siste fisketur med kongen?

– Ja, det blir vel det.

– Alltid livleg

Lars Petter Forberg har fiska og jakta med Hjermann i ei årrekke.

– Det har vore veldig annleis å følge Thomas enn andre eg kjenner med tilsvarande sjukdom. Thomas har teke sjukdomen som ei utfordring og ikkje latt den påverke livet han vil leve.

– Thomas kan spøke og le, og samtidig vere ein person du kan ha dei mest alvorlege samtalar med. Vi har faktisk hatt vanskar med å forstå at han er alvorleg sjuk. Slik vi ser han ved Lærdalselvi i dag, er det utenkjeleg at så mykje liv skal forsvinne.

Thomas Hjermann og Lars Petter Forberg på fiske i Lærdalselvi

FISKEVENNER: Hjermanns haldning til sjukdomen og livet har gitt vennen Lars Petter Forberg vanskar med å forstå at Hjermann er alvorleg sjuk.

Foto: Odd Helge Brugrand