Hopp til innhold

– Eg har ikkje vore borti at eigedelane i eit bu har brent opp

Bustyrar Thore Heggen karakteriserer oppgjeret etter konkursråka Selje hotell som svært spesielt. – Eg har ikkje vore borti noko liknande, seier bustyraren.

Brann i Selje hotell

STRAFFESAK: Selje hotell brann natt til 25. november i fjor. Hotelldirektøren har vedgått at han tente på, og han og dei to brørne hans har vore fengsla sidan desember.

Foto: Erik Hove

Selje Hotell brann ned natt til 25. november 2016. I mai vart hotellet slått konkurs. Og han som skal ordne opp i buet er advokat Thore Heggen.

– Oppgjeret er prega av at den største eigendelen i buet, sjølve hotellet, har tapt seg vesentleg i verdi på grunn av brannen og fordi restane kanskje er vanskeleg å bruke. Det er det spesielle. Låna i buet hadde jo sikkerheit i bygget. Når den største eigendelen er vekke, avgrensar det sjansen til å finne verdiar som dekker kreditorane sine krav.

Heggen har handsama mange bu, og seier han ikkje har vore borti liknande.

– Eg har ikkje vore borti at eigedelane i eit bu har brent opp og at det er vekke for eigarar og kreditorar.

– Korleis forvanskar straffesaka situasjonen i buet?

– Den forvanskar ikkje. Tvert i mot er den til god hjelp til å klargjere om det er gjort straffbare forhold. Økonomien i selskapet vil gjennomgå ein grundig behandling i straffesaka, og det er til god hjelp.

Thor Heggen

BUSTYRAR: Thore Heggen skal ordne opp i buet etter brann- og konkursråka Selje hotell.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Spør om hotellet

Heggen får mange førespurnader om hotellet.

– Fleire har vore i kontakt med meg og med banken om vidare hotelldrift i Selje. Og det er mange som er i villreie korleis det skal bli når hotellet som var ein møteplass i bygda, er borte. Dette er spørsmål som forhåpentlegvis får svar før vinteren.

– Folk lurer på kvifor tomta ikkje kan ryddast opp i?

– Det forstår eg. Men kven skal gjere det? Buet har i utgangspunktet ikkje midlar. Då er spørsmålet om det er nokre andre som har plikt til å rydde. Og det er det i utgangspunktet ikkje. Eg trur det må gjerast i forbindelse med etablering av noko nytt på tomta.

Han forstår at folk i Selje er fortvila.

– Eg har vore der og har full forståing for at dette er ei dagleg påminning om noko som er veldig negativt for Selje og innbyggarane, seier Heggen.

Brann i Selje hotell

STRAFFESAK: Selje hotell brann natt til 25. november i fjor. Hotelldirektøren har vedgått at han tente på, og han og dei to brørne hans har vore fengsla sidan desember.

Foto: Erik Hove