Hopp til innhold

– Eg har aldri vore betre enn no

I april fekk han eit brot i leggen etter eit stygt fall under eit storslalåmrenn. I helga stod nordfjordingen Åge Solheim på toppen av pallen

Åge Solheim i storslalåm

STORTALENT: Åge Solheim (20) frå Nordfjord vert skildra som eit stort alpintalent

Foto: Privat

– Eg hadde faktisk ikkje trudd at eg skulle kome så fort tilbake, \det har gått over all forventning, seier Solheim.

Det var under den svenske meisterskapen i alpint det gjekk gale for Åge Solheim. Midtveges i storslalåmløypa mista han kontrollen og fekk seg eit rundkast. Det vart brot i leggen.

– I byrjinga var det veldig vondt. Eg kunne berre trene på berrmark, og det gjekk treigt framover. No er eg tilbake for fullt,og sjølv om eg har ei plate i leggen som kan bli litt hoven, kjenner eg nesten ingenting lenger.

Etterkvart har han kunne trent meir og meir, og sjølv om oppladinga til sesongen ikkje har vore heilt normal, gjekk det altså veldig bra på laurdag. då han hamna heilt på topp i eit FIS-renn i storslalåm i svenske Åre.

No har Haugen-alpinisten endå større mål.

– No har ein konkret ambisjon om å kome med på eit europacuplag så fort som mogleg, seier Solheim.

Sjå det stygge fallet til Åge Solheim her:

Åge Solheim blir kasta rundt i storslalåmløypa under svensk meisterskap.

KASTA RUNDT: Åge Solheim hektar i ein port og blir kasta rundt under den svenske meisterskapen i storslalåm.

Har vore revansjesugen

Han har tidlegare vorte skildra som det sørste alpintalentet ifrå Sogn og Fjordane på lang tid, men det var ikkje gitt at det var det som skulle vere ambisjonane til nordfjordingen i år

– Eg hadde faktisk ikkje planar om å tenkje europacup i det heile, men når eg no ser kor fort eg køyrer, så har eg måtte justere måla mine.

Er du ekstra revansjesugen etter å ha vore ute med skade så lenge?

– Absolutt, det er ingen tvil om det. Å sitje i ro heime og sjå på at dei nadre trenar seg opp og køyrer fort på ski er veldig frustrerande, så det har gitt meg mykje ekstra giv å prøve å kjempe seg tilbake i toppform, seier Solheim.