Hopp til innhold

Prisar seg lukkeleg for at ikkje liv gjekk tapt

– Eg har ikkje sett noko så tragisk før, seier Frode Johnsen Finstad som er ein av dei mange hundre som blei evakuerte i Lærdal i natt.

Intervju med evakuert

SJÅ VIDEO: Frode Johnsen Finstad blei evakuert i natt og trudde lenge huset hans skulle bli råka av brannen. Reporter: Oddleif Løset - foto: Simon Solheim

Larudag kveld fekk telefon med beskjed om at det brann lenger borte i gata.

– Eg fekk beskjed om at brannen kunne spreie seg på grunn av austavinden. Den er kjent for å vere veldig sterk i Lærdal og vi har alltid frykta ein brann i slik vind, fortel han.

Han fekk på seg kleda og var med på å vekkje naboar og få dei ut av husa.

– Det er viktig å få evakuert folk fort fordi vi veit kor fort brannen spreier seg i trehus.

Såg mange fortvila folk

Den første meldinga om brannen i eit bustadhus i Lærdal kom klokka 22.54 laurdag kveld. Brannen har rasa gjennom Lærdal i heile natt og deler av sentrum er lagt i ruinar. Mellom 15 og 30 bygningar er øydelagt i brannen. 300 personar har vore til undersøking på sjukehuset og 90 er innlagde. Også Finstad måtte til sjukehus for legesjekk.

– Det var med tanke på eventuelle røykskadar. Eg var på øyri frå 23 i går kveld til sekstida i dag tidleg. Eg følgde med på korleis brannen spreidde seg og følgde med i forhold til kvar det var gnister, fortel han.

– Korleis har du opplevd denne natta?

– Folk kom seg ut i gatene og tok med seg brannsløkkingsapparat. I starten var det mykje fortviling å sjå. Folk tykte det var skikkeleg ille, for dette har vi frykta. Etter kvart kom naudetatane og dei gjorde alt dei kunne.

Er glad for at heimen framleis står

Det er over 160 verneverdige hus i Lærdal og det var lenge frykta at desse skulle gå tapt. No ser det ut til at eitt av dei har brent ned.

Finstad seier det viktigast er at det ikkje gjekk menneskeliv med.

– Men det er dramatisk for dei som har mista heimen sin. Det er noko av det mest tragiske folk kan oppleve, det er ting du aldri får att.

Det ser ut til å ha gått bra med huset han og kona bur i. Det er han takksam for.

– Eg trudde eg skulle bli huslaus, det var eg nesten sikker på heilt til firetida i natt. Det var ein skremmande tanke. Men så snudde vinden og då fekk eg eit håp. Huset er kona sin barndomsheim og er unik. Uansett kor forsikra du er, får du aldri att det gamle preget, seier han.

  • For oppdatert info om situasjonen i Lærdal, sjekk nettsida kriseinfo.no
Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Sjå korleis det ser ut i Lærdal i dagslys. Brannen herja sentrum i heile natt.