Hopp til innhold

– Eg forventar at dette no vert rydda opp i

Styreleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Nils R. Sandal, er skuffa over at fleire hundre tusen kroner av idretten sine pengar har blitt brukt på blant anna alkohol av idrettstoppane.

Nils R. Sandal

KRITISK: Nils R. Sandal er styreleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins og har i lang tid etterlyst openheit om pengebruken i idrettsforbundet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg er skuffa over det som no har kome fram og eg forventar at dette no vert rydda opp i, slik at vi kan bruka krefter på det som er viktig. Å gjera idretten tilgjengeleg for flest mogeleg, slik at dei kan få oppleva gleda og fellesskapet som idretten står for, seier Nils R. Sandal, styreleiar i idrettskrinsen i Sogn og Fjordane.

For denne veka har idrettsforbundet, etter massivt press, offentleggjort rekneskapen på bilagsnivå for tida før 2015.

Stort alkoholforbruk

Framlegginga av rekneskapen viser blant anna at det vart brukt over 100.000 kroner på alkohol på ein restaurant under OL i London i 2012.

– Det er heilt klart at ein ikkje burde brukt fellesskapet sine pengar på alkohol, seier Sandal.

Og legg til:

– Det er veldig uheldige signal for eg veit at det er mange som brukar heile si fritid for å legge til rette for at barn og unge skal få glede av idretten, seier Sandal om reaksjonane frå grasrota i norsk idrett.

Tom Tvedt, Jenny Følling og Nils R. Sandal

PÅ TIDE: Nils R. Sandal (t.h.) syns det var på høg tid at idrettspresident Tom Tvedt (t.v.) la fram rekneskapen til idrettsforbundet. Her frå eit møte i februar, då Tvedt besøkte blant anna Sandal og fylkesordførar Jenny Følling (Sp)(midten).

Foto: Kristin Rundheim / sfj.no

På tide

Alt i fjor vår starta debatten om meir openheit i idretten og kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) kravde at idrettstoppane også måtte legge fram sine reiserekninga. På lik linje med politikarane.

Noko vart lagt fram då, men ikkje for lengre tilbake enn 2015. Tysdag kom billag og utgifter datert før 2015, blant anna knytt til OL i London og søkeprosessen med å få OL i 2022 til Oslo.

– Eg syns det er enorme tal og mykje pengar som har blitt brukt på ting det ikkje burde blitt brukt på. Men eg syns at det er veldig greitt at ein får lagt fram alle detaljar no, så ein slepp spekulasjonar. No får ein det svart på kvitt, seier Sandal.

Det var på eit møte med idrettsleiarar frå heile landet i Bodø, 12. mai i år, at idrettsstyret bestemte seg for å gje etter for presset og legge fram rekneskapen ned på bilagsnivå for tida før 2015. Sandal var på det møtet.

– Eg syns dei burde lagt korta på bordet for lenge sidan. For bråk ville det blitt uansett. Ved å venta har dei berre utsett det, seier han.

Flau

Reaksjonane har ikkje lagt vente på seg om pengebruken, både frå privatpersonar og utøvarar.

Skiskyttar Johannes Thingnes Bø frå Stryn sa dette, då han fekk spørsmål om kva han syns om at store summar vart brukt på alkohol.

– Eg blir nesten flau når eg høyrer det, og det får vi verkeleg håpe at dei også blir.