– Søstera mi har eit stort hjarte, som ein stor magnet, som gjer meg så glad at eg vil klemme ho heile tida, seier Gabriella Lund Solheim (7 år) frå Vågsøy.
Ho er veldig glad i søstera si. Samtidig tar ho ansvar for henne på ulike måtar. For eksempel spør ho om å få sitje ved sida av henne på skulebussen fordi ho meiner at alle bør ha nokon å sitje saman med.
– Vi er meir enn vener. Vi er søsken, og søsken er veldig masse meir enn vener, seier Gabriella.
Viser det som ikkje er A4
Nye episodar i dokumentarserien Bli med heim er no lagt ut, og i første episode møter vi Gabriella og søstera Aleksandra som har Downs syndrom. I serien får sjåarane møte barn som veks opp i ulike familiar, og som er i situasjonar som på ein spesiell måte påverkar oppveksten til barna.
– Målet med serien er å vise mangfald og gje kunnskap om det som er annleis. Men det er også viktig å vise at sjølv om noko er ulikt, så er kanskje det meste likt når barn veks opp, seier serieskapar Eva Westvik.
Ulike liv
I tillegg til å møte Gabriella vil vi møte Erica som er trilling. Ho har alltid nokon å leike med, men av og til kranglar søskena skikkeleg. Andrea saknar mamma. Ho er død av kreft, men heldigvis får Andrea vekse opp hos tante og onkel. Ask bur i same hus som bestefar og dei har det veldig kjekt i lag, men no er bestefar alvorleg sjuk. Sarah Elise sin pappa er styrmann og er vekke på jobb i fleire veker om gongen.
Thelma har budd på ei lita øy så lenge ho kan hugse. Ho synest det er ein fin stad, men ho saknar nokon å leike med som er like gamal som ho. Vi blir med når familien flyttar til ein større stad.
Mohaned bur på Kaupanger og familien hans er muslimar. Vi får vere med når dei feirar ID. Hallvard kjem også frå Sogn, familien hans er veldig opptekne av vikingtida og reiser ofte til vikingbyen i Gudvangen for å leve slik vikingane gjorde. Episodane kan du sjå i julemorgon i dagane framover eller på nettsidene til NRK Super.
Treng tips
– Vi vil gjerne få tak i dei borna som er minoritetar. Og det er det eigentleg ganske mange som er, seier serieskapar Eva Westvik.
– Dei som veks opp og er litt annleis, dei som skil seg litt ut, dei vil gjerne høyre frå anten det er noko som er artig eller det er noko som er vanskeleg, seier Westvik.
For eksempel leitar redaksjonen no etter ein familie der ein av foreldra eller besteforeldra er demente, og så ser dei etter barn som veks opp innan ulike trussamfunn. Elles er alt som er litt annleis av interesse!
Tips kan sendast til sf@nrk.no. Merk e-posten med Bli med heim.