– Eg føler eg blir tatt på alvor og blir tatt med i behandlinga

FØRDE (NRK): Karianne Fossheim er ein av dei første pasientane i Norge som no får bruke ny teknologi til å forklare korleis ho opplever den psykiatriske behandlinga ho får. Det er statsministeren glad for.

Statsminister Erna Solberg og Karianne Fossheim

DELER ERFARINGANE: Karianne Fossheim trur systemet kan gjere det enklare for mange å få fram korleis dei har det gjennom behandlinga. Ho delte sine erfaringar med NORSE med statsminister Erna Solberg.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg føler eg blir tatt på alvor og blir tatt med i behandlinga. Vi kan gjere endringar, og det er tilpassa meg og det eg treng, fortel Karianne Fossheim.

Ho har god erfaring med tilbakemeldingssystemet NORSE som dei har teke i bruk i psykiatrisk behandling.

Desse erfaringane delte ho med Erna Solberg då statsministeren vitja Førde sentralsjukehus på sin Sogn og Fjordane-turné.

Tilpassa behandling

NORSE er eit elektronisk tilbakemeldingssystem der pasientar kan gi beskjed om korleis dei har det, korleis dei opplever behandling og kva behov dei har.

Informasjonen blir framstilt i grafiske oversiktlege figurar, og skal gi helsepersonellet eit bilete av korleis pasienten har det no og utviklinga over tid, skriv Helse Førde om systemet.

– Eg fyller ut eit skjema kvelden før eg skal vere her, eller same dagen. Det tek om lag ti minuttar. Det gir psykologen min ein peikepinn på korleis eg har det, og kva eg har lyst å snakke om, fortel Fossheim.

– Vi går meir rett på det eg treng støtte og hjelp til. Vi slepp å bruke så mykje tid på andre ting, fortel ho.

Opplegget har blitt utvikla ved psykiatrisk klinikk hos Helse Førde, og er ganske unikt.

– Det som er spesielt med vårt system er at det er eigentilpassa til den enkelte pasient si problemstilling. Det lærer av responsen til pasienten, og tek det som er mest relevant for den enkelte med vidare. Det er det ingen andre i verda som har, som vi kjenner til, fortel Christian Moltu.

NORSE

DIGITALT: Det elektroniske systemet viser pasientane si utvikling over tid slik dei melder tilbake sjølv. Svara blir systematisert, og framstilt i grafiske figurar som skal syne utviklinga.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Han er fagsjef og psykologispesialist på psykiatrisk klinikk i Førde.

Han fortel at mange har vore interesserte i å prøve ut systemet.

– Vi får stadig førespurnader frå andre. Blant anna skal vi prøve det ut i USA med samarbeidspartnarar der, fortel Moltu.

Han presiserer at målet heile tida har vore å betre tenestene lokalt, men no har dei også fått pengar frå Helse Vest for å utvikle systemet vidare.

Statsministeren er positiv

Statsminister Erna Solberg fekk presentert systemet under sitt besøk på sjukehuset onsdag.

– Dette er utruleg bra. Å ha eit systematisk tilbakemeldingssystem, ikkje berre etter behandlinga er ferdig, men også i løpet av det, seier Erna Solberg.

Statsministeren seier politikarane er opptekne av at vi nyttar dei beste kvalitetsindikatorane i psykisk helsevern.

– Dersom dette utviklar seg til å bli det beste systemet, må det implementerast andre stadar også, seier statsministeren.

– Og så trur eg veldig på ein ting: vi som vaksne menneske og pasientar i ulike samanhengar ynskjer å ha mest mogleg kontroll over eigen behandling.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.