Hopp til innhold

– Eg fekk ikkje puste, eg tenkte at no døyr eg

FØRDE SENTRALSJUKEHUS (NRK): Stein Arve Sæternes var på veg heim då ein bil med to turistar brasa inn i bilen han køyrde. Han blei ein av stadig fleire skadde i trafikken denne sommaren.

Stein Arve Sæternes

PÅ SJUKEHUS: Stein Arve Sæternes vart sist helg ein del av ulukkesstatistikken.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg kom på ein rett strekning der det var god plass til to personbilar. Bilen som kom imot skjena meir og meir over på mi side. Eg veit ikkje kva dei såg etter, men dei såg iallfall ikkje på vegen.

Sæternes overlevde, men blei samstundes ein del av ein dyster statistikk som syner ein sterk auke i talet på skadde i trafikken i sommar.

Trass i nedgang tal drepne i trafikken, auka talet på skadde kraftig, frå 533 til 839 berre i juli. I mange av ulukkene har turistar vore involvert.

Bilulukke Fureneset fylkesveg 55

TIL OPPHOGGING: Bilen til Sæternes etter samanstøyten med ein leigebil og ein bergnabb.

Foto: Tipsar

– Tenkte at no døyr eg

Sæternes greidde å unngå direkte front mot frontkollisjon. Bilen hans vart kasta inn i ein bergnabb etter samanstøyten med leigebilen. Det enda med at han vart send i luftambulanse til Førde sentralsjukehus, medan det italienske paret i leigebilen fekk eit besøk på legevakta.

– Eg fekk ikkje puste, eg tenkte at no døyr eg. Men så fekk eg att pusten, og greidde å kome meg ut av bilen på høgre sida. Eg har fått knust eine olbogen og handleddet, og eit brest i eit ribbein.

Klager på vinglete køyring

Den 9. august var det ei ulukke på riksveg 5 i Fjærland den 9. august med seks skadde. Ulukka skjedde fordi ein minibuss med indiske turistar tok ein u-sving.

Odd Arve Solvåg

– VINGLETE KØYRING: Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Vest politidistrikt seier at det har vore ein del ulukker i sommar der utanlandske sjåførar har vore involverte, og at dei får ein del klager på måten dei utanlandske turistane køyrer på.

– Klagene går ofte på vinglete køyring, at dei ikkje held sida si, og dei har veldig variabel fart. I fjor fekk vi mange meldingar om vinglete køyring av det som viste seg å vere asiatiske sjåførar. Dei vi var i kontakt med hevda at dei såg meir på naturen enn på vegen.

Statistikken til politiet i Sogn og Fjordane viser at i juli var 19 utanlandske køyretøy involverte i dei til saman 64 ulukkene/uhella som politiet rykte ut til.

Audun Heggestad

– UROVEKKANDE: Fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Urovekkande stor auke

Det er vanskeleg å finne tal på kor mange ulukker utanlandske sjåførar er involverte i. Det som er sikkert er at talet på personar som vart skadde i trafikken i juli auka urovekkande kraftig, seier Audun Heggestad, som er fylkessekretær i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

– Vi ser at tal kilometer som blir køyrde aukar, mellom anna på grunn av auka turisttrafikk. Det er ein risiko i det, men det er veldig urovekkande at auken er så stor.

La ut bilete frå sjukehuset

For Stein Arve Sæternes blei det eit ublidt møte med den stadig aukande turiststraumen langs Vestlandsvegane. På same dag som han kolliderte, låg det eit innlegg på Facebook-sida hans der han fekk lukkønsker som nybakt bestefar. Berre timar etterpå la han ut bilete av seg sjølv i sjukesenga med ein kort tekst.

– Mørbanka, men alt bra.