NRK Meny
Normal

– Eg er veldig, veldig usikker

For somme kan det hjelpe å ta ein valgomat for å sirkle inn sitt parti. Eller kan det eigentleg det? Vi testar valgomaten på førstegongsveljarar.

Førstegangsveljarar ved Sogndal vidaregåande

FØRSTEGONGSVELJARAR: 18-åringane Martinus Haugen Orvedal, Preben Nymark og Trym Longvanes er alle noko usikre før dei skal stemme for første gang. Vi utfordrar dei til å teste valgomaten. SJÅ VIDEO HER!

Val

– aaaahh. Eg er veldig, veldig usikker, seier Preben Nymark (18) på spørsmål om kva parti han skal stemme på ved valet.

Valdagen kjem stadig nærmare. Samtidig er det mange som endå ikkje har bestemt seg for kva parti dei skal stemme på den 11. september. Vi har tatt turen til Sogndal Vidaregåande skule og testa NRK sin valgomat på førstegangsvelgarar. For gutegjengen Martinus Haugen Orvedal, Preben Nymark og Trym Longvanes er ikkje partivalet gjort heilt enno.

– Eg er veldig usikker på kva eg skulle ha valt om eg måtte bestemme meg akkurat no, seier 18-åringen Preben Nymark.

– Men om du måtte?

–Tja. Då trur eg at eg hadde gått for Ap, seier Nymark, før han og resten av kompisgjengen vert utfordra til å prøve ein valgomat.

Trefte ganske godt

Etter å ha svart på alle spørsmåla i valgomaten er resultatet klart. Og det viser seg at alle gutane ender på det same partiet som dei tippa dei ville ende på før testen.

– Det var eit greitt resultat detta. Eg blei litt meir sikker, men samtidig er eg også litt skeptisk til heile valgomaten.

– Kvifor det?

– Eg fekk KrF på plass nummer to. Og dei har eg ikkje tenkt å stemme på. Dei ligg langt nede på lista, seier Nymark.

Heilbom

Verre gjekk det for veninnene Kjersti Fagerlund og Mari Felde Liljedal.

Førstegongsveljarar i Sogndal

USIKRE: Kjersti Fagerlund og Mari Felde Liljedal testar valgomaten. Og resultatet stemmer ikkje heilt med det dei hadde trudd dei ville få på førehand.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg er litt usikker, men eg trur eg hadde stemt høgre, seier Fagerlund før testen.

– Eg hadde vel stemt Venstre eller SV, seier Liljedal.

Etter testen var resultatet at Fagerlund fekk KrF, mens Liljedal fekk Ap.

– Det var overraskande. KrF, det hadde eg ikkje forventa, seier Fagerlund.

– Kjem du til å stemme på dei no då?

– Kanskje. Eg skal i alle fall lese meg litt opp, seier førstegangveljar Kjersti Fagerlund lattermildt.

Eg fekk Ap. Men eg synest vi skal ta desse testane med ei klype salt. Eg er framleis usikker på kva eg skal stemme, seier veninna, Mari Felde Liljedal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune