Hopp til innhold

– Eg er skuffa over Jenny Følling

Tre fylkesordførarar har vorte samde om å bli til ein, og ein av dei mest entusiastiske er Jenny Følling i Sogn og Fjordane. Eit framadstormande talent i hennar eige parti er derimot regionreforma sin største kritikar.

Aleksander Øren Heen

VIL RØYSTE NEI: Aleksander Øren Heen varslar at han kjem til å røyste nei til det nye storfylket

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er ikkje noko anna enn ei stor sentraliseringsreform, og Sogn og Fjordane kjem ikkje noko godt ut av dette i det heile. Det seier Aleksander Øren Heen, som sit i fylkestinget i Sogn og Fjordane for Senterpartiet.

Og han er ikkje kven som helst i partiet heller. Han vart nesten ordførar i Årdal etter eit historisk godt resultat for Sp med 38 %, og leiinga sentralt i partiet har trekt han fram som eit av dei største talenta dei har.

Les også: Her vert avtalen om eit nytt Vestland signert

No stiller han seg i front i eit forsøk på å torpedere heile storfylket.

Eit trekløver av nøgd fylkesordførarar

GOD STEMNING: dette trekløveret av fylkesordførarar var svært nøgde med å få i land ein intensjonsavtale om fylkessamanslåing

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg kjem til å røyste nei til storfylket i fylkestinget, det kan eg seie allereie no. Er det verkeleg nokon som trur at tenestene her i fylket blir betra av dei skal styrast ifrå Stavanger eller Bergen?

– Dette er ein god avtale

Fylkesordførar Jenny Følling tek likevel motstanden i eige parti med knusande ro. Ho trur ikkje så mange fleire kjem til å henge seg på.

Les også: Sogn og Fjordane har fått for mykje

– Dette er ein god avtale for Sogn og Fjordane, og eg er ganske sikker på at han kjem til å bli vedteken i fylkestinget. Vi får både fylkesmann og fleire hovudutval, og vi får vårt eige fond med verdiar. Det må vi seie oss nøgde med, seier Følling

Ho understrekar likevel at Øren Heen kan få rett i at regionreforma blir ein sentraliseringsreform. For at det ikkje skal skje må storfylket få fleire oppgåver frå staten, og det stiller også Følling som krav.

– Heile den avtalen vi no har signert fordrar at vi mellom anna den offentlege tannhelsetenesta skal styrast frå den nye regionen. Om ikkje det kjem på plass, er vi ikkje interesserte. Vi vil ha fleire oppgåver for å hindre sentralisering, og det er heile poenget.

Les også: – Vestlandsregionen ein falitt utan nynorsk

Vil ha folkerøysting

Øren Heen er likevel ikkje imponert, og no krev han at folket vert høyrt i spørsmålet om fylkessamanslåing.

– Vi har tid til ei folkerøysting, og då kan vi få ei brei folkeleg debatt i dei tre fylka. Vi må høyre kva folket seier, er det slik dei vil organisere samfunnet vårt i framtida eller ikkje?