NRK Meny
Normal

11-åring med stålkontroll som ballerina

NORDFJORDEID (NRK): Det gjeld å ha kontroll på nervane for 11-åringen Tuva Nyhammer-Taklo som i haust vere ballerina i Opera Nordfjord.

11-åringen frå Eid skal debutere som ballerina i Opera Nordfjord.

Heile 24 unge amatørar mellom 8 - 20 år er med i haustens hovudoppsetjing Maskeballet av Verdi. Onsdag debuterte Tuva Nyhammer-Taklo – med nervane under full kontroll.

– Dette er min fyrste opera, tidlegare har eg vore med i musikalar. Eg er veldig spent, seier talentet frå Eid.

Til vanleg dansar ho på den lokale kulturskulen. Å få spørsmål om å få vere med på operaoppsetjinga, var stor stas.

Rekrutterer lokale talent

– Generelt rekrutterer vi frå den vidaregåande skulen og kulturskulen. Og så går vi ofte ut i pressa og andre kanalar for å få tak i engasjerte og interesserte ungdommar, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Operaen i Nordfjord har tett og godt samarbeid med kulturskulen og den vidaregåande skulen på Eid.

– Vi er alltid på utkikk etter unge folk i distriktet som har interesse for scenekunst, seier Standal Pavelich.

– Fantastisk talentfull

Operasjefen er full av lovord om det unge talentet.

– Tuva er fantastisk talentfull, og det som er særleg moro med ho er at ho er flink til å møte opp på alle konsertar og kulturarrangement som tilskodar. Ho er veldig kulturinteressert, skryt Standal Pavelich.

Etter onsdagens premiere, er aktørane i Maskeballet klare for fleire framsyningar i Opera Nordfjord.

– Eg håpar det kjem mange folk, smiler Nyhammer-Taklo.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå