– Eg er ikkje kandidat til leiarvervet i Venstre

Nyvald ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, aviser at han er aktuell som kandidat til leiarvervet i Venstre.

Alfred Bjørlo utanfor Firda kaserne i Eid

IKKJE KANDIDAT: Alfred Bjørlo (V) vil konsentrere seg om å vere ordførar i Stad.

Foto: Privat

Etter at Venstre i haust gjorde eit katastrofalt dårleg val har fleire kravd endringar i partileiinga. Fleire namn har vore nemnde, også Bjørlo.

– Eg registrerer det. Det er ein spanande prosess som no går føre seg i Venstre. Eg er nyleg vald til ordførar i Stad for Venstre, og det er ikkje foreinleg med leiarvervet i Venstre.

– Men kva med nestleiarvervet, er du aktuell der?

– Eg vil ikkje seie meir om kva eg har sagt til valkomiteen, ut over at leiarvervet er heilt uaktuelt, seier Bjørlo.

Tid for fornying

I helga var det landskonferanse og landsstyremøte i Venstre. Der var Bjørlo ein av fleire som var i samtalar med valkomiteen, skriv Fjordabladet. Han er klar på at det no er naudsynt med ei fornying i partileiinga.

– Vi har mange flinke folk som er klare til å ta på seg større oppgåver. Blant anna kan eg nemne Sveinung Rotevatn frå vårt fylke og Abid Raja.

– Kven vil i så fall få di røyst av Raja og Rotevatn?

– Ha ha, det får du meg ikkje til å svare på no. Vi treng begge og vi treng fleire nye profilar i Venstre. Det er ikkje eit anten eller, vi må få saman eit nytt lag med ulike styrkar og kvalitetar, seier Bjørlo.

Treng leiardiskusjonen

I førre vekke gjekk tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Gunvald Ludvigsen frå Eid, ut og sa at han frykta at leiarstriden i Venstre fort kunne ta alt fokus i partiet fram mot landsmøte til neste år. Den uroa deler ikkje Bjørlo

– Poenget er at det er no valkomiteen i Venstre har starta sitt arbeid. Dei har bede om innspel frå partiorganisasjonen. Dei har fått utruleg mange innspel, og dei fleste innspela seier noko om at det er behov for fornying, seier Bjørlo.

Han vedgår at det har vore krevjande for Venstre å sitte i regjering, samstundes som han også meiner dei har fått mykje igjen.

– Vi har fått gjennomslag i saker og vi har fått vere med å utforme politikk ved å sitte i regjering. Dersom alle partia klarar å vere tru mot det felles plattforma, så er det mogleg å bere.