Hopp til innhold

– Eg er ikkje her for å vere turist

Skal Elise Thorsnes reise nøgd heim frå fotball-VM, må England feiast av bana i kveld. – Vi må minst til ein kvartfinale, seier Avaldsnes-spelaren frå Leikanger.

Elise Thorsnes under treningen på Lansdowne Stadion

VIL SPELE: Elise Thorsnes håpar å vere i startellevaren når Norge møter England til VM-kamp i kveld.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Norge møter fotballnasjonen England i kveldens åttandedelsfinale. Eit lag Norge ikkje har slått på dei siste fem forsøka.

– Ein gang må vere den første, så vi får tru at den kjem, seier Elise Thorsnes.

Ikkje på ferie

Leikangerjenta starta meisterskapen med to innhopp som innbytar, før ho spelte heile det avgjerande oppgjeret mot Elfenbeinskysten.

Mot England håpar ho på nye minuttar, og tillit frå start.

Åttendedelsfinale direkte fra Ottawa.
Komm.: Andreas Stabrun Smith og Tom Nordlie.

SJÅ: VM-kampen mellom Norge og England direkte klokka 23.

– Eg er ikkje her på ferie eller for å vere turist. Eg ynskjer å vere på bana, og prestere best mogleg. Men så er det Even som tek ut laget, og dei som passar best i ein førsteelvar, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..

Må prestere

Norge har variert i prestasjonane. Medan dei overraska mot solide Tyskland, var det dertil skuffande prestasjon mot i siste gruppekampen.

I kveld, er det vinn eller forsvinn. Då må Norge prestere.

– Vi har vist gode tendensar. Litt dårleg kamp mot Elfenbeinskysten, men vi presterte godt mot Tyskland og dei litt meir på nivå med England, seier Thorsnes.

– Det er stor interesse både heime og på tribunen?

– Ja, det er veldig stort. Det er veldig kjekt med så mange tilskodarar på tribunen. Også når ein går rundt i byen får ein merksemd.