Hopp til innhold

– Eg blir sikkert gravlagd i strikkegenser

FØRDE (NRK): Leif Einar «Lothepus» Lothe er trendsettar i strikkemiljøet. Aldri har så mange teke pinnane fatt for å strikke moteplagg.

Leif Einar "Lothepus" Lothe

SKAPAR TREND: Leif Einar «Lothepus» Lothe får strikkepinnane til å klirre. No vert det strikka både luer og genserar kalla opp etter realitykjendisen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Mamma strikkar og eg går i det. Eg har gått i ullgenser sidan eg var fødd. Eg blir sikkert gravlagd i strikkegenser og, seier Lothepus.

Realitykjendisen Lothepus fortel at mor, Anne Karin Lothe, er den som strikkar. For han strikkar ikkje sjølv.

– Er du galen? Det kan eg ikkje. Kanskje eg hadde klart å handtere eit sann der hespetre. Det er mor mi som strikkar det meste til meg.

Han synast det er kjekt at folk likar kleda han går i og at mange strikkar dei sjølv.

– Det er bra folk får på seg skikkelege kle!

Strikkeboom

Sari Koskinen

PÅ SYBUTIKKEN: Sari Koskinen med Lothepuslue.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Sari Koskinen driv og eig sybutikken Sting for sting i Førde. I periodar har ho gått tom for dei hottaste mønstra og garna. Den siste månaden har populariteten til Lothepus vore årsaka.

– Eg har selt i bøtter og spann av tråd til Lothepuslua. Lothepusmønstra er kjempepopulære. Folk har måtta vente tolmodig på neste ladning av garn, seier Koskinen.

Ho fortel at kjende personar har ført til garnmangel før også. Til dømes for nokre år sidan då Skappel-genseren, inspirert av Dorthe Skappel, tok av.

– Folk spør etter oppskrift på ting dei har sett på Facebook og andre medium. Det er folk i alle aldrar innom butikken, også menn, seier Koskinen.

Lær korleis du legg opp og feller av masker.

LÆR ENKEL STRIKKING HER: Om du er i same båt som Lothepus, fortvil ikkje. Her gir Sari Koskinen deg ei innføring i strikking. (Foto/redigering: Anders Mildestveit)

Lothepus frys ikkje

Leif Einar "Lothepus" Lothe

HELD SEG VARM: Leif Einar "Lothepus" Lothe i strikkegenser også kjend som Lothepusgenseren.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg har aldri frose og aldri vore redd, seier Lothepus.

Han synast det er litt spesielt å vere trendsettar innan strikking. Men trur ikkje det kan verte for varmt å gå rundt i heimestrikka plagg.

– Ull luftar godt og eg gidd uansett ikkje å reise til Syden, seier han.

Når det gjeld kva strikkegenserar han skal ha på seg, stolar han blindt på mor. Han tar på seg det ho gir han.

Vi strikkar som aldri før

Det er ikkje berre mor til Lothepus som strikkar. I 2016 vart det gjennomført ei undersøking om strikkevanane til folk. Ingun Grimstad Klepp er forskar i SIFO, og dei fekk seg ei overrasking.

– Tala var skyhøge! Dei eldste kvinnene strikkar framleis mest. Det spesielle var at 30 prosent i aldersgruppa 18–50 år også gjorde det, seier Klepp.

Ingun Grimstad Klepp

Ingun Grimstad Klepp er forskar i SIFO, Statens institutt for forbruksforsking.

Foto: Pressefoto

På 60-70-talet starta kvinnefrigjeringa og inntoget av masseproduserte varer. Lenge vart det sett ned på å drive med kunnskapsområda til heimeverande kvinner. Det heimelaga fekk og eit litt fattigsleg stempel fortel ho.

No trur ho verdien av det heimelaga har endra seg fordi forbrukarane har oppdaga negative sider til masseproduserte kle.

– Vi veit ikkje kvar dei er produsert, korleis, av kven, under kva forhold, eller om det har påverkar dyr, menneske og miljø. Dette trur eg begynner å demre for folk.