Hopp til innhold

Kommunestyret i Sogndal ber tilsette om orsaking

Samstundes reiste nesten halvparten av kommunestyret mistillitsforslag mot rådmannen sin måte å handtere arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern på.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

ORSAKING: Ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) ber om orsaking. Her saman med rådmann Jostein Aanestad (t.h.). Arkivfoto

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det går fram i eit vedtak frå kommunestyremøtet i Sogndal i ettermiddag, der politikarane behandla rapporten om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern.

– Eit samla kommunestyret rettar ei orsaking til både tidlegare tilsette og dei som jobbar der no, for dei arbeidsmiljøproblema som har vore. Når det gjeld opplevd arbeidsmiljøproblem, skal ein ta på høgste alvor korleis den einskilde opplever situasjonen, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Rapporten blei laga etter fleire år med uro i barnevernet, og slo blant anna fast at kommunen ikkje hadde teke arbeidsmiljøproblema nok på alvor.

Håper å unngå liknande framover

Aarvoll seier kommunen vil gjere fleire grep i håp om å unngå liknande situasjonar.

– Vi har fatta eit vedtak, og no må vi ta lærdom av dette slik at vi ikkje kjem bort i ein slik situasjon seinare. Eg trur vedtaket og det arbeidet som er gjort i kontrollutvalet, gir oss eit betre verktøy til å handtere dette. Eg trur eigen organisasjon må lage betre retningslinjer og få betre oppfølging tett på, seier han.

Under møtet la kontrollutvalet fram sine kommentarar og kom med ei tilråding til kva som må skje i kjølvatnet av rapporten.

– Det har vore krevjande arbeid, sa leiar i kontrollutvalet Arnt Hovland Munthe (H) i Sogn Avis sin nettstraum frå møtet.

Mistillit mot rådmannen

Hovland Munthe la fram ei liste med seks punkt frå kontrollutvalet. Kommunestyret la til nokre nye punkt under møtet i dag. Til slutt stod det ni punkt på lista, der dei samla seg samrøystes om åtte av dei.

For i løpet av møtet måtte kommunestyret behandla eit mistillitsforslag mot rådmann Jostein Aanestad. Det var Høgre, Frp, Venstre og KrF som fremja mistillitsforslaget mot rådmannen, og viste blant anna til ei rekkje brot på lover og forskrifter som det kom fram av rapporten. Mistillitsforslaget fall med 12 mot 13 røyster.

– Korleis ser du på at nesten halve kommunestyret er kritisk til rådmannen i denne saka?

– Rapporten til kontrollutvalet viser jo at når det gjeld arbeidsmiljøproblema i barnevernet, kva som var årsaka og kvifor det tok så lang tid å løyse dei, vil det vere den øvste administrative leiar som vil ha ansvaret. Det har vore tiltak som ikkje har virka. Det har medført at det har vore krevjande for dei som har jobba der. Det var nok noko av bakgrunnen for mistillitsforslaget, seier Aarvoll.

Betyr dette at rådmannen kjem til å halde fram?

– Ja, anten har du tillit eller så har du ikkje tillit. Voteringa viser at han har tillit. Vi har nok av oppgåver fram mot nye Sogndal kommune og 2020, så både politisk og administrativt har vi nok å gjere.