Hopp til innhold

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg la ut den statusen

FØRDE (NRK): Merksemda rundt Andrea Voll Voldum har til tider vore ekstrem det siste året. Kampen for rettferd for dei som blir utsette for seksuelle overgrep og valdtekt er det som har gitt 22-åringen styrke til å stå i stormen.

Andrea Voll Voldum saman med mammaen Wenche Voll

STØTTESPELARAR: Foreldra til Andrea Voll Voldum (framme) har heile tida stilt seg bak dottera sine val om å stå fram med si historie. – Dette har ho fått bestemme sjølv, seier mamma Wenche Voll (i bakgrunnen).

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det har vore veldig tøft. Eg føler eg har gått litt på autopilot, der det har skjedd mykje heile tida. Det er først no det siste halve året eg har fått tid til å slappe litt av.

Den unge kvinna frå Lærdal i Sogn vart kjent for heile Norge over natta etter eit Facebook-innlegg i fjor sommar. Der namngav ho dei tre mennene som vart frikjente for å ha valdteke ho i det som seinare har blitt kalla «Hemsedal-saka».

Berre dagar etter at ho stod fram demonstrerte fleire tusen menneske for rettstryggleiken til kvinner, og for å vise støtte til Voll Voldum.

Fekk tusenvis av meldingar

Det er i dag nesten ingen som ikkje har fått med seg kven Andrea Voll Voldum er. Den unge kvinna har sett valdtekt og kvinner sin rettstryggleik på dagsorden, men har sjølv måtte tole tallause hatmeldingar.

Også for foreldra tok kvardagen ei brå vending då dottera plutseleg var på avisframsidene.

– Det var vore ein storm rundt heile familien eigentleg, sidan dette vart ei offentleg sak. Vi har stått ved ho, og støtta ho så godt vi kan. Vi ser at ho kan bli veldig sliten innimellom, og då kjem ho heim til oss og slappar av, fortel mamma Wenche Voll.

I starten sa Voll Voldum ja til nesten alle som ville ha intervju. Ho ville få ut historia si, og var fast bestemt på at det ikkje var andre som skulle fortelje den for ho. Umiddelbart etter at ho stod fram kom meldingane frå andre som hadde opplevd liknande.

– På eit tidspunkt hadde eg over 1000 meldingar i innboksen på Facebook. Mange takka meg for at eg hadde stått fram og gitt ei stemme til valdtektsoffer. Andre sa eg var tøff, og at dei var glade for at tok fram denne problematikken.

Andrea Voll Voldum

JENTEPRISEN: Andrea Voll Voldum vart i fjor heidra med Jenteprisen for at ho utfordra haldningane og skapte ein debatt i samfunnet.

Foto: Eivor Eriksen/ Plan Norge

– Kunne ønske eg kunne trykke på pause

Snart femten månader har gått sidan Voll Voldum stod fram. For mor Wenche Voll har det vore viktig at Andrea har fått bestemme sjølv.

– Ho har teke sine val åleine. Ho veit kva ho vil og ikkje. Vi har vore der og støtta ho undervegs.

For motet sitt er Voll Voldum heidra med blant anna Plan sin «Jenteprisen 2016». Og i januar i år grunnla ho «Vi Tror Deg-stiftelsen» saman med June Holm. Gjennom den vil ho hjelpe andre som er utsette for valdtekt og overgrep.

– For meg har det vore det viktigaste. Eg er veldig stolt over stiftinga.

– Angrar du nokon gong på at du har stått fram?

– Eg angrar ikkje på at eg har stått fram, men nokre dagar kunne eg ønskje eg kunne trykke på pause og berre vere Andrea, seier Voll Voldum.

– Vi støttar Andrea fullt ut i det ho har gjort, seier mora Wenche Voll.