Hopp til innhold

– Du må vere tidleg ute med å søke

FØRDE (NRK): Ungdom jaktar i desse dagar sommarjobb, men har du ikkje ordna det er tida i ferd med å renne ut. Du må vere tidleg ute er rådet frå både arbeidsformidling og ungdommen sjølve.

Sommarjobb i orden

TIDLEG UTE: Vidaregåande elevane Camilla Sunde, Malene Hetle Hole, Rita Haveland Borlaug og Anna Stina Stafsnes har alt fiksa seg sommarjobbar for i år.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det er veldig viktig å jobbe for å bli sjølvstendig. Då vert ein vand til å jobba og tene eigne pengar, seier Anna Stina Stafsnes.

Torstein Fimland

PÅ UTKIKK: Torstein Fimland ønsker seg sommarjobb i år.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ho er elev ved Hafstad vidaregåande skule i Førde og har skaffa seg sommarjobb. Det same gjeld veninnene Camilla Sunde, Malene Hetle Hole og Rita Haveland Borlaug.

18-åringane var tidleg ute, medan medelev Torstein Fimland er på utkikk etter sommarjobb, men har ikkje kome i mål enno.

Han er ikkje åleine om det, og no er tida i ferd med å renne ut.

Tilsett tidleg

Turistsesongen i Flåm gjer at konserndirektøren for Flåmsbrygga hotell, Aud Melås, er avhengig av å ha mange sesongarbeidarar. Men som mange andre plassar starta rekrutteringa tidleg, og dei er ferdige med tilsettinga.

– Vi begynner å tilsette folk med ein gang sesongen er over, seier Aud Melås.

Eleven Torstein Fimland har enno ikkje begynt å søka på sommarjobb.

– Eg har grua meg til å sette meg inn i det. Eg veit at arbeidsgjevarar er glad i at søkarar har arbeidserfaring, seier han.

Men for Melås på Flåmsbrygga hotell er det ikkje erfaring som vert sett høgast.

– Vi ser etter folk som har dei kvalitetane som vi trur kan passe godt til jobben og korleis dei fungerer i arbeidsmiljøet, seier Melås.

Framleis håp

Men om du les dette og er i ferd med å mista trua på å skaffa sommarjobb i år. Det er ikkje for seint, seier prosjektassistent for Nordjobb, Andreas Wangensteen.

Andreas Wangensteen, prosjektassistent for Norjob

JOBBAR I NORDEN; Andreas Wangensteen, prosjektassistent for Nordjobb.

– Vi har sidan 1985 tilbydd jobbar til ungdom mellom 18 og 30 år forskjellige stadar i Norden. Det er ledige jobbar blant anna på Grønland og i Sverige akkurat no, men dei bør ikkje vente for lenge med å søke, seier han.

Maria Løvik er rådgjevar ved UNG.no og ho har desse tipsa til ungdom som er på utkikk etter sommarjobb i år.

– Dei må bruke nettverket sitt og fortelje alle dei kjenner om at dei er på utkikk etter jobb. Og så er det mange bedrifter som treng sommarhjelp, men som ikkje lyser ut stillingane. Derfor er det lurt å gå rundt å snakka med dei, seier Løvik.

Maria Løvik

RÅDGJEVAR: Maria Løvik i UNG.no.