NRK Meny
Normal

– Du må ikkje vere verdsmeister for å stemme

20 kommunar i landet har ei prøveordning der dei som fyller 16 i år får røyste. No krev Barneombodet at alle 16-åringar får røysterett.

Barneombodet krev at alle 16-åringar får røysterett. 20 av landets kommunar har ei prøveordning der dei som fyller 16 i år får røyste.

REDDE? Barneombod Anne Lindboe trur mange unge kan vere redde for å stemme fordi dei trur dei manglar kunnskap. I dag ville ho fjerne den frykta når ho besøkte Nordfjordeid. TV-sak frå Vestlandsrevyen.

Vallogo

– Eg meiner dei er modne nok, dei har god nok kunnskap og vi treng ideane deira og innfallsvinklane deira for å få god kommunepolitikk for barn og unge, seier barneombod Anne Lindboe.

I dag var ho på Nordfjordeid for å møte 16-åringane i Eid kommune, som er med i prøveordninga med røysterett. I TV-saka over kan du høyre frå ein del av ungdomane som vurderer om dei skal røyste.

Redde for å stemme?

Eit av hovudmåla til barneombodet var å gjere dei unge litt mindre redde for å stemme.

Barn og unge kan ofte vere sine eigne sterkaste kritikarar og tru at dei må vere verdsmeistrar i politikk for å ha rett til å stemme. Men det er jo veldig få vaksne som er det. Vi skal få dei til å bli trygge på at meiningane deira er viktige, seier Lindboe.

– Er det vanleg at dei yngste har sine tvil om dei skal stemme?

– Det er nok veldig mange som trur ein må kunne forferdeleg mykje for å stemme. Det viktigaste er at ein er engasjert i kommunen og har meiningar om kva som kan bli betre. Alt frå betre sykkelstiar, til korleis kommunen skal prioritere skule, til korleis ein skal drive politikk som faktisk gjer det freistande for ungdom å bli i kommunen.

Opp gjennom historia har stemmeretten stadig vorte senka og nye grupper har blitt inkludert. Så kven veit – i framtida er det kanskje naturleg å senke han endå meir?

Barneombod Anne Lindboe

Vil tvinge politikarane til skulane

Barneombodet trur stemmerett for 16-åringar kan tvinge politikarane til å fokusere meir på ungdom og skule, både i valkampen og i dei politiske prioriteringane.

– Vi ser at politikarar reiser rundt på pleie- og omsorgsheimar. Dei reiser rundt der folk med stemmerett er. Ved å gje fleire 16-åringar stemmerett trur eg også at det vil vere meir interessant for politikarar å besøke skular og informere om partiprogramma og politikken, seier Lindboe.

Anne Lindboe

Barneombod: Anne Lindboe

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kvar går grensa?

Aldersgrensa for røysterett var opphavleg 25 år. Sidan har han blitt senka via 23, 21 og 20 år, før grensa var sett ved 18 år på 1970-talet. No vil Lindboe senke grensa til 16.

– Eg synest 16 er naturleg, for då har du fullført 10 års obligatorisk skulegang. Då reknar samfunnet med at du er ferdig utdanna.

– Kva har det å seie om alle 16-åringar får røysterett: Kor går grensa? 14 år neste gang? 12 år?

– Opp gjennom historia har stemmeretten stadig vorte senka og nye grupper har blitt inkludert. Så kven veit – i framtida er det kanskje naturleg å senke han endå meir?

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.