Det er full vinter på fjellovergangane

– Vi er klinkande klare på at det bilistane sitt ansvar å ha rette dekk no, seier trafikkoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Hemsedalsfjellet 23. oktober 2018 kl 08:23

SNØ I VEGEN: Slik er det ut tysdag morgon på Hemsedalsfjellet like før klokka 08:30.

Foto: Statens vegvesen

– Har du ikkje vinterdekk no, så er det eit sjansespel, legg han til.

Han seier temperaturen varierer frå minus tre til null grader.

– Det blir kaldare mot helga, og i høgda vert snøen mest truleg liggjande.

Vegtrafikksentralen har måndag fått ein del tilbakemeldingar frå brøytemannskap om at bilar framleis kjem rullande med sommardekk.

– Folk må tenkje på medtrafikantane også. Det er eit sjansespel å ikkje ha på rett type dekk no, seier han.

Statsmeteorolog Kristin Sæter ved Vêrvarslinga på Vestlandet stadfestar at det kan bli vanskelege køyreforhold på fjellet.

– Det kan bli mykje vind og snø utover dagen, så forholda blir nok ikkje betre, seier ho.

Både i Hordaland og Sogn og Fjordane kan det komme snø over 600–800 meter.

– Det blir gradvis kjøligare utover dagen og vi kan få snø ned mot 200–500 meter i kveld.

Alt regnet som har kome har også ført til flaumfare.

– Eg vil tru det blir litt betre når snøgrensa går nedover, for blir flaumfaren redusert. Det har også gått frå jamn nedbør til byer, og dette er med på å redusere faren for flaum.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om vanskelege køyreforhold i Sør-Noreg på grunn av all nedbøren.

I Hordaland og Rogaland ligg varselet i øvre del av gult nivå. Mykje vatn kan gi auka vassføring i bekkar og elvar.

– Lokalt kan det bli flaum eller erosjonsskadar i bekkar og mindre elver, og det kan bli overvatn i tettbygde område, noko som kan føre til stengde vegar og bruer, melder varsom.no.