Hopp til innhold

– Du kan ikkje vente så mykje av ein ung fyr

FØRDE (NRK): Det tenkte Magnar Juklestad (70) då han vart oppmoda om å setje seg ned og diskutere politikk med 20 år gamle Vebjørn Leite Olsen.

Hele Norge snakker i Førdehuset

DEBATTERTE: 50 års aldersskilnad var ikkje til hinder for at Magnar Juklestad (t.v.) og Vebjørn Leite Olsen fann tonen i den over time lange tomanns-debatten.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Og dermed er midt i kjernen av den kvardagen mange unge politikarar opplever, skal vi tru Olsen, som er fylkesleiar i Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

– Ungdom bør tore å delta meir i den offentlege debatten. Eg er ungdomskandidat i Kinn for Høgre, og vert ofte møtt med at du er ung og at du ikkje kan dette. Det er ei utfordring.

At ungdom ikkje vert tatt på alvor av dei godt vaksne meiner han er eit demokratisk problem, fordi denne typen haldningar ikkje motiverer til politisk engasjement.

Trudde han var ein jypling

Og det var nettopp det ungdomspolitikaren også fekk oppleve då han deltok på NRK-arrangementet «Hele Norge snakker» i Førdehuset laurdag. Målet var å fremje debatten og få folk til å kome saman og snakke med kvarandre.

Her vart Olsen para med Magnar Juklestad som har fartstid frå både Raudt, SV og bonde- og småbrukarlaget.

Og med eit smil vedgår den røynde politikaren at han gjekk rett i «fella denne gongen». Dei to karane fann raskt tonen, og etter å ha diskutert ulike tema i over ein time, vedgår Juklestad han han tok skammeleg feil om 20-åringen, som han først såg på som ein jypling.

– Han imponerte meg heile tida. Han har vore med på mykje og han var godt inne i sakene som det var stilt spørsmål om. Det overraska meg med tanke på alderen hans.

Skepsisen forsvann

– Du var litt skeptisk?

– Ja, klart eg var skeptisk.

Kvifor det?

– Han er så forferdeleg ung til at han kan vite noko.

Du tenkte at det nesten ikkje var vits å prate med han?

– Ja, men det visste seg han var veldig kunnskapsrik. Han hadde mange døme. Blant anna fekk vi diskutere rovdyrpolitikk. Vi hadde ulike meiningar, men det gjekk an å få han til å forstå korleis eg tenkjer.

– Ingenting er svart kvitt

Både Juklestad og Olsen vart godt nøgde med debatten og arrangementet. Begge var tydelege på at dei har respekt for kvarandre sine synspunkt, sjølv om dei politisk står langt frå kvarandre i mange saker.

– Som fylkesleiar i Unge Høgre er eg vane med å vere i ei boble der gjennomgangstonen er at Høgre er best. Difor trur eg det er viktig at både vi politikarar og andre kan møtest for å nyansere biletet. Det er ikkje svart kvitt, seier Olsen

For han vart det det denne gongen ei fin oppleving å få kunne diskutere politikk med ein 50 år eldre person utan polarisering rundt aldersskilnaden.

– Det var veldig moro. Eg elskar å diskutere.