Hopp til innhold

– Du føler deg åleine utan kostyme her

STRYN (NRK): Det luktar øl og läderhosen i Stryn sentrum denne helga. Den populære festivalen blir arrangert for sjuande gong, og det yrer av folk på festivalplassen.

Oktoberfest 2015

GLER SEG: Odd Kjetil Liseth, Hans Ivar Holmøy og Kristian Holmøy kjøpte kostymer i fjor.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Fyrst skal vi kjøpe noko mat, og så blir det parade, seier kameratgjengen Odd Kjetil Liseth, Hans Ivar Holmøy og Kristian Holmøy, som deltek for fjerde gong.

Dei fortel at dei kom utan kostyme dei to fyrste åra, men at dei etter kvart måtte gje etter for presset.

– Du føler deg åleine utan kostyme her, altså. Særleg inne i teltet, seier Holmøy.

Oktoberfest 2015

SAUMA SJØLV: Anne Flore og Sarah Flore Erdal i flotte kostyme Anne har laga sjølv.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Med for andre gong

Martin Vallaker, Maren Bø Håheim, Siri Beines Lien, Kristiane Bø Håheim og Sara Håheim Flo troppa opp litt før startskotet går. Dei gler seg til paraden, og har pynta seg litt ekstra for høvet.

– Onkelen vår driv kostymebutikken, så me har skaffa oss kostyme derfrå, seier Kristiane Bø Håheim.

Og då korpset drog i gang musikken klokka 12.30, var gatene fulle av tilskodarar som hadde tatt på seg regnklede og gummistøvlar for å få med seg folk i alle aldrar som vandra forbi.

Oktoberfest 2015
Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Nøgd ordførar

Under opningsseremonien frå hovudscena skrytte ordførar Sven Flo av det gode oppmøtet og den årlege dugnadsinnsatsen frå innbyggjarane i Stryn.

– Tusen takk til alle som bidreg. Dette arrangementet blir betre og betre for kvart år!

Oktoberfest Stryn 2015

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Oktoberfest 2015

VAR MED I FJOR: Martin Vallaker, Maren Bø Håheim, Siri Beines Lien, Kristiane Bø Håheim og Sara Håheim Flo er med for andre året på rad, i flotte kostyme.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK