Hopp til innhold

– Foreldre og skulen har ansvar for å hindre overgrep

Sexolog og psykolog Per Steinar Melås meiner at både skuleverket og foreldre må ta meir ansvar for å gje dei unge gode haldningar til sex.

Per Steinar Melås

KJEM MED RÅD: Sexolog og psykolog Per Steinar Melås på Leikanger i Sogndal meiner foreldre og skulen må ta meir ansvar for å førebygge seksuelle overgrep.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sexolog og psykolog Per Steinar Melås på Leikanger i Sogndal meiner foreldre og skulen må ta meir ansvar for å førebygge seksuelle overgrep.

– Sex er eit tabutema på mange måtar. Vi har hatt ein periode med voldsomt mykje prat om seksualiteten, men eg er ikkje så sikker på at dette gjer oss meir trygge på vår eigen seksualitet, meiner Melås.

Han reagerer og sterkt på at sex med mange partnarar gjev knute i russelua, og dermed status.

– Vi ser at unge gutar kjøper viagra for at ein skal vere slik som ideala angjeveleg er. Dette er ikkje sant, det er ikkje slik det er, seier han.

– Har du eit godt råd til russen?

– Drikk mindre alkohol og bruk kondom, svarar han.