I førre veke vart det kjent at Havyard Eid no prøver å få til ei frivillig sletting av gjeld for å unngå konkurs. Dette trass i at verftet har hatt rikeleg med oppdrag i den seinare tid. Problema ligg ikkje i ordretilgangen, men at verftet leverar varer til ein altfor lav pris i forhold til kostnaden. Det seier administrerande direktør i Havyard-konsernet, Geir Johan Bakke.
Det konkurstruga skipsverftet Havyard Eid har nyleg fått kontrakt på byggjing av ein ny båt til reiarlaget Artic shipping.
Men no står oppdraget i fare for å verte overteke av andre om ikkje verftet får sletta delar av gjelda på 15 millionar kroner.
Avheng av kreditorane
Om dei 100 kreditorane som no må rekne med å tape pengar går med på ei frivillig ordning vert ikkje klart før måndag 19 juli. Men ein av dei større kreditorane, Maritime montering frå Bygstad, signaliserer i dag at dei er villige til ei gå inn for ei ordning som sikrar vidare drift av verftet på Løkjaneset. Det stadfestar administrerande direktør Odd Birkeland.