Hopp til innhold

Ap vil ikkje fusjonera høgskular med tvang

Regjeringa kan venta seg motbør på Stortinget dersom dei vil slå høgskular saman med tvang. I dag vitjar Aps Trond Giske Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Trond Giske

STOR SKEPSIS: Det vil vera veldig stor skepsis i Ap mot å slå saman høgskular med tvang, seier Trond Giske.

Foto: Gorm Kallestad

– Eg trur stortingsgruppa til Arbeidarpartiet kjem til å vera veldig negative til å bruka tvang for å fusjonera høgskular, seier Trond Giske (Ap), leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har dermed truleg fått seg ein mektig alliert i kampen om HiSF sin framtidige struktur.

Utelukka ikkje tvang

Høgskulestyret har tidlegare sagt nei til å slå seg saman med andre.

Torbjørn Røe Isaksen

MINISTER: Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Men det svaret likar ikkje regjeringa som pressar på for å slå dei mindre høgskulane saman til større einingar. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har gitt HiSF ein siste sjanse til å peika på fusjonspartnarar. Gjer dei ikkje det, utelukkar ikkje Røe Isaksen at resultatet kan bli samanslåing med tvang.

– Utgangspunktet vårt for denne prosessen er ikkje tvang, men til slutt er det sjølvsagt ei politisk avgjerd korleis den samla høgskule- og universitetsstrukturen i Norge skal sjå ut. Eg kan ikkje avvisa at me kjem til å ta avgjerder som me har makt og mynde til å gjera, sa kunnskapsministeren då han vitja HiSF 27. januar.

Står på sitt

Rektor Åse Løkeland ved HiSF let seg ikkje pressa av ministeren og står fast på sjølvstendelinja i si tilråding til styret. Dersom Røe Isaksen ikkje er med på dette, er Løkeland sin plan B ein tettare integrasjon – ikkje fusjon i fyrste omgang – med høgskulane i Volda og Bergen og universitetet i Bergen.

Styret skal ta si endelege avgjerd i saka på torsdag. Seinare i år legg Regjeringa fram ei stortingsmelding, der det kjem til å stå kva høgskular som statsråden vil slå seg saman.

Ap-motstand

Dersom Røe Isaksen tvingar Høgskulen i Sogn og Fjordane inn i ein fusjon, kan han venta seg motbør på Stortinget, seier Trond Giske.

– Det vil vera veldig stor skepsis i Ap mot å slå saman høgskular mot høgskulane sin eigen vilje. Det vil ikkje bidra til å nå kvalitetsmåla for høgare utdanning. Eg trur frivilligheit er ein føresetnad for å få slike fusjonar til å lukkast og for å oppnå betre kvalitet på studiane og betre forsking.