NRK Meny
Normal

– Distad trur på julenissen

Senterpartiet og Arbeidarpartiet kjem med hard kritikk mot Noralv Distad og Høgre sitt politiutspel.

Noralv Distad og Åshild Kjelsnes

HAUSTAR KRITIKK: Noralv Distad (H) burde ha jobba meir for å halde oppe politidistriktet om han vil ha ein operasjonssentral, meiner Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Vidar Gudvangen/Noralv Pedersen / NRK

I går sa Aurland-ordførar Distad at det gode samarbeidet mellom naudetatane under bergingsaksjonen i Gudvangatunnelen var eit bevis på at politiet treng ein eigen operasjonssentral i Florø, også etter samanslåinga med Hordaland politidistrikt.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet er kritisk til utspelet.

Jenny Følling

– STOD IKKJE SAMLA: Jenny Følling (Sp) meiner Sogn og Fjordane kunne ha blitt halde oppe som politidistrikt om alle partia på fylkesnivå hadde stått samla.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Når Distad seier dette så burde Høgre ha stemt i lag med Senterpartiet når det gjeld å bevare operasjonssentralen i fylket og Alarmsentralen, som kjem til å fylgje etter. Med ord må det fylgje handling, det er ikkje nok å meine at lokalkunnskap er viktig når ein stemmer annleis i Stortinget.

– Vinn berre om vi står samla

– Men kan ikkje Høgre i Sogn og Fjordane ha jobba innan partiet for å behalde politidistriktet før dei måtte gi tapt?

– Jau, men det hadde vore utruleg viktig om dei hadde ført den kampen i lag med oss andre i fylket. For det er berre når vi står samla vi greier å vinne desse kampane. Møre og Romsdal vann den kampen, medan Sogn og Fjordane tapte.

Også Arbeidarpartiet er kritisk. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har lite tru på ein eigen operasjonssentral i Florø når Sogn og Fjordane og Hordaland blir eitt politidistrikt. Ho meiner Høgre er for seint ute.

– Det er bra at Distad no er oppteken av å behalde operasjonssentralen i Sogn og Fjordane, men det burde Distad og Høgre ha vore opptekne av for eit halvt år sidan, då slaget om politidistrikta stod.

– Å tru på julenissen

– Sogn og Fjordane Høgre har vore imot at Sogn og Fjordane skulle haldast oppe som eige politidistrikt, og det er klart i politireforma at operasjonssentralane må fylgje der politimeisteren er. Å tru at ein kan ha ein eigen operasjonssentral i Sogn og Fjordane er å tru på julenissen, seier Kjelsnes.

Operasjonssentralen i Florø

STRIDENS KJERNE: Operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Urimeleg kritikk

Noralv Distad forstår ikkje kritikken.

– Eg synest denne kritikken er heilt urimeleg. Både Jenny Følling og Åshild Kjelsnes burde gi full tilslutnad til det eg har sagt, at det bør vere tenleg å ha ein operasjonssentral i Sogn og Fjordane. Det kan vi ha innanfor den politireforma som er vedteken.

Distad viser til at fylkestinget i juni gjorde eit vedtak med krav om å halde oppe alarmsentralen. I tillegg vart det sagt at fylkestinget forventar at kompetansen til operasjonssentralen blir sikra og går inn i andre spesialfunksjonar.

– Dersom det å jobbe for eit vedtak som er gjort i fylkestinget er å tru på julenissen, så er eg ikkje heilt med.

Distad seier at han heile tida har vore forkjempar for å ha ressursar lokalt.

– Eg har vore med på å seie at 110-sentralen må vere i Sogn og Fjordane, og at vi må få behalde politiressursar i Sogn og Fjordane, og det kan ikkje forundre nokon at eg er klar og tydeleg på at det er tenleg å ha ein operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.