Hopp til innhold

Rovviltnemnda på Vestlandet støttar bøndene: – Miljødirektoratet må få opp farta

I går uttrykte bønder i Sogn stor frykt for at rovdyr skal gjere store skader i komande beitesesong. Det er ei frykt rovviltnemnda på Vestlandet deler.

Distad med jerv

KREV HANDLING: Leiar i Rovviltnemnda i region vest, Noralv Distad, meiner Miljødirektoratet ikkje er raske nok med å felle jerv, og at det fører til store tap.

Foto: Noralv Pedersen/BBC / Montasje

– Det er ei reell frykt. Dersom det er jerv i området ved beitestart og inn i beitesesongen, så må ein frykte at det kan skje store tap, seier leiar Noralv Distad i rovviltnemnda i Region Vest.

I fjor sumar vart bøndene i Sogn råka hardt av jerven sine herjingar. Særleg i Sogndal og Fjærland, der erstatning vart utbetalt for nær 300 dyr som mest truleg vart offer for jerven, og 17 sauer vart stadfesta drepne av jerv.

I går uttalte rovviltkontakt for sankelaget i Jostedalen, Arne Bjørk at rovviltforliket ikkje er verd papiret det er skrive på, og at han frykta ein ny marerittsumar.

I Jostedalen er det nemleg nyleg gjort observasjonar av det som mest truleg er to ulike jervar. Distad er svært oppteken av å unngå likande tap i år.

– Det som skjedde i fjor var heilt katastrofalt for dei gardbrukarane som fekk så store tap. Det er ein situasjon som vi i høgste grad må unngå for komande beitesesong. Jerven må takast ut før beitestart, seier han.

Direktoratet er for treige

Rovviltnemnda vedtok førre torsdag ein ny forvaltningsplan for Region Vest. Den er ifølgje leiar Distad i samsvar med rovviltforliket frå Stortinget i 2011.

– Planen slår fast at beitenæringa skal ha prioritet. Det skal ikkje vere ynglande rovdyr eller skadegjerande rovdyr i dette området ved beitestart.

Fram til 15. februar er det lisensjakt, og i år hadde jegerane i området høve til å felle seks jerv. Det lukkast ikkje i vinter, ifølgje Distad fordi terrenget og jakta er vanskeleg.

Etter 15. februar er det opp til Miljødirektoratet å gje løyve til felling. Det er dei ikkje raske nok til å gjere, seier Distad.

– I fjor ønskte me som rovviltnemnd at det skulle gjerast uttak av jerv seint i sesongen. Det vart dessverre ikkje gjort, og då var det jerv att i området ved beitestart, og det fekk uheldige følger. Rovviltforliket ligg fast. Men så kan ein spørje om forvaltninga fungerer.

– Kva meiner du med det?

– Mi og heile rovviltnemnda si vurdering er at Miljødirektoratet må fatte avgjerdene raskare. Når rovdyr vert påvist må dei vere raskare med å avgjere at dei skal takast ut.

– Så dei har ikkje vore raske nok, og det er det som har ført til sumarar med store tap, slik som i fjor?

– Ja, for viss det er jerv eller andre rovdyr i område der det er sauenæring, så er det ein umogeleg situasjon. Då får ein slike uheldige utslag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Sjå TV-sak frå hausten 2013.

Krev eit meir offensivt direktorat

I går sende Distad og rovviltnemnda eit brev til Miljødirektoratet. Der går det fram at det er samla inn 16 møkprøvar og ei vevsprøve og hårprøve frå jerv i Sogn og Fjordane. I brevet ber nemnda direktoratet om å analysere DNA-prøvene så raskt som mogleg.

Leiaren har klare krav til Miljødirektoratet.

– Vi vil ha ein meir offensiv haldning frå Miljødirektoratet si side, for å følgje opp rovviltforliket.

For Distad meiner det hastar med å ta ut jerven som er observert i Jostedalen, medan det enno er snø i området.

– Dette må bli følgt opp. Dette er vår klare oppmoding: gjer det medan sporingsforholda og vêrforhold er gunstige. Det skal ikkje vere jerv her når beitesesongen startar, seier han.

– Så dette er ei klar oppfordring til miljødirektoratet om å raska på?

– Ja, det er heilt klart vår forventning at miljødirektoratet no er på hogget, og at det no vert gjort uttak med ein gong det vert observert jerv i området. Saman med dei andre regionane har vi sendt brev til Klima- og Miljødepartementet. Der har vi sterkt understreka at forvaltninga må verta tydlegare for å følgje opp rovviltforliket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad

PÅ HOGGET: Distad meiner direktoratet må vere meir på hogget, og fjerne jerven før beitesesongen.

Foto: pressefoto, Høgre

Direktoratet meiner dei gjer jobben

Susanne Hansen er seniorrådgjevar i Miljødirektoratet. Ho meiner direktoratet gjer jobben godt nok og raskt nok, etter at dei har fått opplysningane frå sitt feltpersonell i Statens Naturoppsyn.

– Vi må ta omsyn til vêr og føre, og må skaffe oss god oversikt over informasjonen om dyra og området. Så vi meiner vi fattar vedtak umiddelbart når vi har den informasjonen vi treng. På den måten meiner vi at vi har ei rask saksbehandling for å få gjort vedtak, seier Hansen.

– Så rovviltnemnda tek feil når dei meiner direktoratet ikkje er raske nok?

– Om Rovviltnemnda har synspunkt og tykkjer vi må vere raskare høyrer vi sjølvsagt på det. Vi er opne for innspel frå dei. Men vi ønsker at dei tek kontakt direkte med oss, og vil ikkje ta debatten i media.

Men seniorrådgjevaren er likevel klar på at direktoratet meiner dei gjer jobben sin. Ho seier dei har felt 10 av 12 observerte jervar i Sogn. Avslaget på to fellingar i fjor vår grunngir ho med at det var for seint i sesongen, og at jervane høyrde til i grensetraktene til Oppland, der det skal vere ein jervebestand.

– Vi meiner at vi følgjer opp rovviltforliket på ein så bra måte som vi meiner det er forsvarleg å la seg gjere, ved bruken av Statens Naturoppsyn.

Fryktar ny sumar med skader

Rovviltnemnda kan gje fylkesmennene i regionen løyve til skadefelling, og har gjort det i Sogn og Fjordane. Men det kan fylkesmannen først gjere når skaden er påvist. Det er ikkje godt nok, meiner leiaren i rovviltnemnda, Noralv Distad.

– Det er ikkje lett om sumaren, utan spor. Det er store fjellområde som er vanskeleg tilgjengeleg, det er ikkje lett å følgje opp i praksis, seier Distad.

– Den sikraste måten å unngå rovdyrskade er at rovdyra i området vert felt før beitestart. Det er heilt klart at i Sogn og Fjordane så skal beitenæringa ha prioritet. Det er bestemt av Stortinget. Då må det vere rovdyrfritt i beitesesongen, seier han.

– Kva trur du konsekvensane vert denne sumaren dersom jerven som no er observert ikkje vert fjerna?

– Eg fryktar og trur at det då vert nye skader.