Hopp til innhold

– Dette vil medføre store kutt i åra som kjem

Venstre er skuffa over at regjeringa ikkje kjem med meir i tapskompensasjon til Sogn og Fjordane. Det seier Gunhild Berge Stang som er fylkesleiar i Venstre.

Gunhild Berge Stang avsluttande valdebatt 2015

SKUFFA: Gunhild Berge Stang er fylkesleiar i Venstre.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er skuffa. Slår ein seg på brystet over ei sak i eine augneblinken, så forventar eg dei føl opp. Det har ikkje skjedd her, seier Berge Stang.

Ved førre korsveg fekk Venstre og KrF forhandla fram ein auke i tapskompensasjonen, slik at Sogn og Fjordane for inneverande år får 55 millionar. Det var ein auke Berge Stang hadde forventa skulle bli vidareført også i 2016

– Det har ikkje kome auke i tapskompensasjonen slik som vi har jobba for. No må Venstre og KrF ta den jobben åleine med å forhandle på plass auke i tapskompensasjonen, seier Berge Stang.

– Fylket får ikkje gjennom økonomiplanen

– Eg tykkjer Høgre og Frp er inkonsekvente. Venstre og KrF hadde ein stor kamp i fjor med å få plass ein auka tapskompensasjon. Så opplever vi i ettertid at både Høgre og Frp meiner dei har ein del av æra for det, og det er for så vidt greitt. Men då hadde eg forventa at dei følgde det opp i statsbudsjettet, seier Berge Stang.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

STORE KUTT: Fylkesrådmann, Tore Eriksen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men i statsbudsjettet for 2016 kjem det inga opptrapping.

– Det vil seie at vi får eit kutt som blir ganske stort i åra som kjem dersom dette statsbudsjettet blir ståande. Det betyr at vi den neste fireårsperioden ikkje får dei 90 millionane vi treng for å greie økonomiplanen for fylket, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Skal forhandle i Stortinget

– Tapskompensasjonen er viktig for at fylket skal vere i stand til å gi eit likeverdig tenestetilbod, ikkje minst på dei vidaregåande skulane. Det er difor denne saka er så viktig, seier Berge Stang

Bjørn Lødemel

ULIKE MÅTAR PÅ JOBBE PÅ: Bjørn Lødemel er Stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Høgre har Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel forståing for at Venstre har forventningar til stasbudsjettet i forhold til sakene dei har kjempa for.

– Det som er lagt fram no kjem frå regjeringa i forhold til inntektssystemet som er laga, og så blir det forhandlingar i Stortinget om tapskompensasjon slik som i fjor. Så får vi sjå kva vi landar på, men eg har inntrykk av at fylkeskommunen sitt budsjett for 2016 er rimeleg i balanse, seier Lødemel.

– Men forstår du at Venstre reagerer når Høgre og Frp i valkampen vil vere med å dele æra for auken i tapskompensasjon, som Venstre og KrF fekk forhandla fram i fjor?

– Det er ulike måtar å jobbe på. Dei er samarbeidsparti til regjeringa, og vil forhandle inn i mot det budsjettet som er lagt fram. Vi jobbar inn mot våre folk på Stortinget for å forbetre ting for Sogn og Fjordane. Eg trur at det budsjettet som er lagt fram er eit godt grunnlag for vidare forhandlingar.