Hopp til innhold

– Surrealistisk med to ferjer ute av drift og ein stengd fylkesveg

For ordførar i Askvoll var det nesten eit mareritt å vakne opp til alle trafikkproblema i kommunen.

Frida Melvær

VAKNA TIL KRØLL: Både ferjene står i Askvoll og vegen mellom Førde og Askvoll er stengd av ras.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg har nesten ikkje ord. Det var surrealistisk å vakne til alle trafikkmeldingane som kom inn på telefonen. To ferjer ute av drift og stengt fylkesveg. Det er klart at dette skaper kaos, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær.

Det var like før klokka 05 i dag at Vegtrafikksentralen i Hordaland fekk melding om at det hadde gått eit jordras på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. Nokre timar seinare kom meldinga om at ferjene Davik og Sunnfjord til kai med tekniske problem. Dermed var kaoset fullkomme.

Oppdatert kl 10:55: Fjord1 har fått i drift att ei av dei to ferjene som har hatt tekniske problem i Askvoll. Fylkesveg 609 er venta opna klokka 12.

Ferjer til kai i Askvoll

TIL KAI: Davik og Sunnfjord har tekniske problem og ligg til kai (Bilete teke 16/4).

Foto: Steinar Bauge

Problem for alle pendlarane

– Det er klar at dette skaper problem. Spesielt for heile Førdefjorden-området blir dette veldig vanskeleg og for alle på øyene på Atløy, Værlandet og Bulandet så går det passasjerbåtar men til heilt andre ruter enn normalt. Avtaler dei har vil bli vanskeleg å halde.

Fjord1 veit førebels ikkje kva tid ferjene kan vere i drift att på sambanda i Askvoll.

– Framleis ligg begge ferjene ute med tekniske problem. Den eine, Sunnfjord, håpar vi å få i gang att snart. Den andre, Davik, vil ta lengre tid. Vi har ikkje nærmare oversikt over kva tid ferjene kan vere i drift att, seier Tor Vidar Kittang i Fjord1.

Dermed blir folk frakta med passasjerbåtar.

Beklagar trafikkstoppen

– Vi har prioritert folk som skulle på skule og andre som skulle nå korrespondanse med ekspressbåten. Etter mine opplysningar skal vi ha fått med oss alle.

Kittang seier passasjerrutene går så lenge ferjene er ute av drift.

– Det er beklageleg at dette skjer. Det er ikkje sånn det skulle vere. Det er utfordrande, seier Kittang.

Ordførar Frida Melvær har registrert at reaksjonane på Facebook er sterke.

– Eg ser at folk er godt oppgitte. Det er nesten så dei ler av alt. Men eg veit at frustrasjonen rundt er stor. Heilevang er så utsett. Vi skal ut i ein regional transportplan-periode no. Eg håpar fylkeskommunen tar tak, seier ordføraren.

Forstår at folk er frustrerte

Frida Melvær håpar fylkeskommunen kan bidra til at forholda blir betre og tryggare på fylkesvegen.

– Heilevang-området så viktig å få presisert at det må komme innan få år. Der må det komme tunnel. Det er det einaste som gjer området trygt nok. Folk der er frustrerte og redde.

– Når det gjeld ferjene er det tekniske problem. Eg håpar det løyser seg fort.

Ordføraren kan ikkje gjere anna enn å vise medkjensle med innbyggjarane.

– Situasjonen er som den er. Eg veit folk er tolmodige men at dei no er frustrerte. Eg kan berre føle med dei.