Hopp til innhold

Lensmann om forbikøyringa: – Ei av dei verste eg har sett

– Hadde nokon kome i motgåande retning, ville sjåføren ha sett den raude bilen i det dei krasja, seier vitnet Jan Are Liseth.

Grisete forbikøyring i 70-sone på Eid.

UOVERSIKTLEG FORBIKØYRING: – Det er ein vekkjar å tenke på kva som kunne ha skjedd. Eg køyrer her dagleg. Det same gjer familie og vener. Uskyldige kan kome opp i heilt uventa situasjonar med fatale følgjer.

– Her er det nokon som mister hovudet totalt i forbikøyringa. Dette var så pass drygt at eg valde å legge ut klippet på Youtube, fortel Jan Are Liseth.

19. april hadde han vore til Eid og var på veg heim til Midthjell. I 70-sona på rv15 ved Haus vert han køyrd forbi av ein raud bil. Framfor har han ein semitrailer.

Jan Are Liseth

FILMA FORBIKØYRINGA: Jan Are Liseth filma forbikøyringa og la den ut på Youtube. – Dette var så drygt at eg måtte dele klippet.

Foto: Jan Are Liseth / Privat

– Bilen blinkar og legg seg ut for å også køyre forbi semitraileren. Det ser ut som han skal avbryte, men gjer det ikkje. Bilen vert liggande på sida av traileren utan sikt. Han er ikkje forbi før etter svingen, seier Liseth.

Utfallet kunne ha vorte fatalt

Det er vanskeleg å seie om trailersjåføren har sett den raude bilen.

– Han er jo i blindsona og ein forventar ikkje at nokon skal køyre forbi der. Sjåføren i traileren oppdagar mest sannsynleg bilen då han trakkar på bremsa, seier Liseth.

Han legg til at det berre er flaks at ingen bilar kjem imot. Han ser ofte situasjonar som har potensial til å bli alvorlege, men som ikkje vert det fordi medtrafikantane hjelp til. Han har sett to forbikøyringar tidlegare i veka på same plassen.

Politiet reagerer

Lensmannen i Eid, Tormod Hvattum, ser alvorleg på situasjonen. Han kjenner området godt og køyrer strekninga kvar dag til og frå jobb.

– Det er skremmande å sjå. Det er risikosport å køyre forbi på den strekninga der! Det er ikkje mange år sidan vi hadde ei dødsulykke rett etter der han køyrde forbi den store bilen.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

SKREMMANDE KØYRING: Tormod Hvattum, lensmannen i Eid. – Hadde det kome bil i motgåande retning, ville utfallet ha vore fatalt.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Lensmannen legg til at dersom noko hadde kome i mot, ville verken dei i den raude bilen eller motgåande bil ha hatt ein sjanse. Sjåføren av traileren ville også ha vore eit offer.

– Vedkomande ville nok ha sete igjen med ei kjensle av skyld i ulykka. Dette må vere ei av dei verste forbikøyringane eg har sett. Det at nokon tek ein slik risiko er vanskeleg å forstå.

Hvattum trur opplysningsarbeid om kva slik køyring kan føre til er viktig for førebygginga av farlege forbikøyringar.

Det har ikkje lukkast NRK å finne ut kven som køyrde eller eigde bilen. Ynskjer føraren å kommentere saka, eller kome med opplysningar om saka, så ber vi han ta kontakt med NRK Sogn og Fjordane.