Hopp til innhold

– Dette kunne gått skikkelig gale

LEIRVIK (NRK): Stein, jord og tre har rasa over vegen og ned i eit lagerbygg i Leirvik sentrum i Hyllestad. Ryddemannskap ventar på geolog før dei kan rydde vegen.

Ras i Leirvik 09.08.2016
Foto: Tore Bråstad

SISTE: Må spyle fjellsida frå helikopter

– Rasløpet har starta 100 meter over fylkesvegen. Det har teke med seg tre og røter ned mot fylkesvegen. Det ligg igjen ein god del i rasløpet og geologen meiner dette må spylast ned med helikpter. Då går det litt lenger tid og vi tvilar vi klarer opne i dag. Kanske til i morgon, seier prosjektleiar for drift i Statens vegvesen i Nordfjord, Lars Erik Karlsen.

Tarjei Ringereide

KUNNE GÅTT GALE: Driftsleiar Tarjei Ringereide i Marine Harvest seier det var flaks at ingen var inne i huset.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide

Jord og stein rasa inn i eit lagerbygg som har fått omfattande skader. Det er Marine Harvest som bruker bygget.

– Det her kunne gått skikkelig gale. Det var berre flaks at raset gjekk før det var folk på plass i bygningen, seier driftsleiar Tarjei Ringereide i Marine Harvest.

Fylkesveg 607, ovanfor lagerbygget, er sperra av jord, stein og tre, men ryddemannskap vil ikkje rydde vegen før ein geolog har vurdert terrenget over vegen.

– Kaotisk

Statens vegvesen har ein geolog som er på veg til staden.

Vi har ikkje vore oppe i terrenget og sett enno. Det ser ut som at det er tre som har velta og løyst ut jord oppe i sida og som har rasa ned, seier Karlsen.

Ein geolog vil vere på staden klokka 11, for å vurdere om det er trygt å rydde vegen.

Ras i Leirvik 09.08.2016

GJENNOM LAGERBYGG: Raset har gått gjennom eit lagerbygg og delar det raude bygget skal vere totalskadd.

Foto: Tore Bråstad

Raset har gått over vegen og ned til lagerbygga nedanfor vegen.

– Det ser veldig kaotisk ut. Det er eit jordras som har tatt med seg tre og steinar, og det har tatt med seg straumlinjer, seier augevitne Tore Bråstad.

Raset dekker heile vegbana, då stein, jord og tre har rasa ned. Det er ikkje mogleg å passere med bil.

Ras stengjer veg i Leirvik

SJÅ VIDEO: Fylkesveg 607 opnar truleg ikkje før i morgon etter jord- og steinraset ved Leirvik i Hyllestad.

Ras på Panoramavegen

I morgontimane rasa det òg på fylkesveg 698, fem kilometer aust for Lote ferjekai, vest for Eitrånatunnelen.

– Det er fleire steinheller som har kome ned i vegen der. Entrepenøren var i tvil på om det kunne komme ned meir, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Dette raset er no rydda av vegen.

Han seier det ikkje var veldig store steinmassar som var kome ned, men at folk frå Vegvesenet vart sende ut til staden for å vere med å vurdere området.

Ras i Leirvik