Hopp til innhold

– Dette har vore ein dag over all forventing

25. mars 1916 blei Magnus Grimset fødd. I dag blei han feira og hylla av familie, vener og politikarar.

Jenny Følling, Magnus Grimset og Anne-Britt Øyra

JUBILANT: 100-åringen Magnus Grimset omkransa av to damer, fylkesordførar og Sp-politikar Jenny Følling og varaordførar i Naustdal, Anne-Britt Øyra (H)

Foto: Erlend Herstad

– Det har vore så mykje folk her, og eg har fått så mange blomar og gåver, seier ein overvelda jubilant.

Den spreke 100-åringen Magnus Grimset i Naustdal kan sjå tilbake på eit langt og rikt liv. Han var ordførarar for Senterpartiet i to periodar, på 70- og 80-talet. Han har også vore varaordførar, og i kommunestyret i 32 år. Naustedølen er æresmedlem både i Senterpartiet og Bondelaget.

Dagen har blitt feira på garden Hukset i Naustdal der han tidlegare har budd.

– Korleis vil du oppsummere 100 år?

– Det tek altfor lang tid å fortelje om. Difor fekk alle gjestane mine eit skrift om livet mitt. Der står alt du lurer på, ler han.

Åra har sette sine spor når det gjeld høyrselen, elles føler 100-åringen seg rimeleg sprek.

– Eg er sprek i hovudet, men føtene er litt dårlege. Men sånn går det.

– Kjekt å feire ein heidersmann

Varaordførar Anne Britt Øyra (H) var ein av gjestene i selskapet i dag.

– Eg hadde med ei helsing frå kommunen. Det har vore ein fantastisk dag. Han er ein flott person.

Også Sp-politikar og fylkesordførar Jenny Følling var med på festen. Ho seier det var kjekt å få setje pris på ein heidersmann.

– Det er utruleg med ein 100-åring som er så fysisk og mentalt til stades. Han underheldt mellom anna gjestene med trekkspelet.

Følling er imponert over kor oppteken han er av det som skjer rundt oss i dag.

– Han har mange tankar om framtida og det er flott, seier ho.

Er framleis oppteken av poltikken

For sjølv om Grimset ikkje har vore aktiv politikar på mange år, er den politiske interessa framleis der.

– Politikk er eg i høgste grad oppteken av. Eg kunne tenkt meg å vore med framleis, for det er mykje som skjer no eg ikkje er samd i, fortel han.

– Då har du kanskje tankar om kommunesamanslåinga?

– Ja, det har eg. Tek eg utgangspunkt i liten SiS (red. merknad: Førde, Naustdal, Gaular og Jølster), så må eg tenkje på kva dei kan gjere i lag som storkommune og kva dei ikkje kan utrette kvar for seg. Om eg ikkje finn noko positivt, seier eg nei.

– Har du bestemt deg?

– Det er nok ikkje langt ifrå, seier han engasjert.

Det har vore ein lang dag med mange gjestar. Men sliten er han ikkje etter all feiringa.

– Nei, eg mest forferda over meg sjølv som har halde ut så lenge. Men eg har sagt at eg ikkje går heim så lenge det er gjestar her, ler han.