Hopp til innhold

Berre timar etter terroråtaka vart det tagga hakekors på veggar i Førde

Berre timar etter dei grufulle terroråtaka i Oslo og på Utøya fredag, vart det oppdaga hakekors i Førde sentrum. – Me syns dette er veldig ille, seier fungerande rådmann i Førde Odd Harry Strømslid.

Odd Harry Strømslid meiner dette er veldig ille

HAKEKORS: Fleire stader i Førde har det dukka opp hakekors på veggane etter terroråtaka i Oslo og på Utøya. – Dette ser me alvorleg på, seier fungerande rådmann Odd Harry Strømsli.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Avisa Firda i Førde skriv torsdag om Svein Harald Engevik som oppdaga hakekorsa då han skulle køyra kona på jobb laurdags morgon.

– Eit sjokk

Ifylgje Firda skal det ha blitt tagga ni hakekors rundt omkrig på ulike stader i Førde sentrum.

– Eg heldt på å få sjokk. Det fyrste som slo meg var at dette måtte ha ein samanheng med åtaka i Oslo og på Utøya, seier Engevik til avisa.

Han tykkjer at dei som har gjort dette ikkje syner mykje respekt for nasjonen og det samhaldet i Noreg etter åtaka.

– La vær

– Det blir for dumt, rett og slett, seier fungerande rådmann i Førde, Odd Harry Strømslid, til NRK Sogn og Fjordane.

Han seier at kommunen ser særs alvorleg på det som har skjedd. Dei sette i gong fjerning av hakekorsa på offentlege bygningar med ein gong.

Men torsdag morgon var det framleis hakekors på Concorde-bygningen i Førde sentrum.

– Det vart sett i gong eit apparat for å få desse symbola fjerna, og so vidt eg veit, so er alle desse symbola fjerna frå offentlege bygg og pumpestasjonar.

– Ingen respekt

Strømslid har vore i kontakt med politiet, som meiner at det ikkje er nokon tilknyting mellom desse teikningane og åtaka i Oslo og på Utøya.

– Om det er gutestrekar eller ikkje, det torer eg ikkje seia noko om, og kven som har gjort det har eg heller ingen kjennskap til.

– At folk har desse haldningane over eit halv århundre etter andre verdskrig, det er veldig ille, seier Strømslid.