Hopp til innhold

– Dette er rett og slett galskap

Norges Naturvernforbund reagerer kraftig på at regjeringa seier ja til Nordic Mining sine planer om rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.

Lars Haltbrekken

STOR FORUREININGSSAK: Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund meiner gruvesaka i Naustdal er ei sav dei største forureiningsakene i Norge.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Dette er rett og slett galskap. Her går regjeringa inn for å etablere eit sjødeponi som vil vere til stor skade for livet i Førdefjorden, og som er stikk i strid med alle miljøfaglege råd. Vi står også i fare for å utrydde fiskeslag frå norsk natur. Dette er verkeleg ei av dei aller, aller største forureiningssakene vi står overfor i norsk tid, seier leiar Lars Haltbrekken i Norge Naturvernforbund.

– Det er heilt vanvitig at regjeringa har gitt løyve til det, gjentek han.

Meiner gruveplanane er eit luftslott

Moderniseringsdepartementet har i dag stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til eit svært omstridd sjødeponi i Førdefjorden.

Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Norge. Gruvedrifta kan bety 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord, og Mæland viser i ei pressemelding til at den kan bety 500 arbeidsplassar på landsbasis.

Steinbrotet i Engebøfjellet

STORE PLANAR: Nordic Mining vil ha gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Vi kan ikkje basere oss på omfattande øydelegging av natur, som dette gruveprosjektet og sjødeponiet vil føre til. Vi er nøydde til å ta omsyn til natur og miljø, og til andre næringar som dette prosjektet vil gå utover, seier Haltbrekken.

– Men det genererer også nye opp mot 500 arbeidsplassar på landsbasis?

– Det er eit luftslott teikna av Nordic Mining, og noko vi har veldig lite tru på. Det vi veit, er at dette er ein stor trugsel mot livet i Førdefjorden, som er ein rein og fiskerik fjord, og det er ein trugsel mot arbeidsplassane som haustar av livet i fjorden.

Engebø

STERKE PROTESTAR: Motstanden mot gruvedrift og sjødeponi i Naustdal har vore kraftig langs Førdefjorden.

Foto: Lars Erik Andreassen

Rotevatn: – Skuffande av regjeringa

Naturvernforbundet vil no forfølge saka vidare. Haltbrekken seier han forventar at fleire parti på Stortinget protesterer mot regjeringa si avgjerd.

– Ikkje minst samarbeidspartia Venstre og KrF, som er imot desse planane, må no komme med tydelege reaksjonar. Vi trur ikkje siste ord er sagt i denne saka, seier Haltbrekken.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre fekk høyre nyhenda på radioen på morgonkvisten fredag.

– Eg synest dette er ei overraskande avgjerd frå regjeringa. Det går imot alle faglege tilrådingar, ei samla fiskeri- og havbruksnæring og folkefleirtalet i dei råka kommunane. Og det set på spel store verdiar næringsmessig og miljømessig. Det er skuffande av regjeringa, seier han til NRK.no.

Sveinung Rotevatn

OVERRASKA: Sveinung Rotevatn (V) er overraska og skuffa over avgjerda frå regjeringa.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix
Laster Twitter-innhold

– Eg meiner vi her set kortsiktige næringsinteresser opp mot dei langsiktige, og det er dei langsiktige som tapar. I Norge skal vi framover ikkje minst leve av fiskeri og sjømat, så dette er umistelege verdiar. No set vi dette på spel og slår beina under næringane. Det er svært alvorleg for Sogn og Fjordane og for Norge som sjømatnasjon, seier Haltbrekken.

Venstre har sendt forslag om at saka må handsamast i Stortinget. Der håpar Rotevatn på eit fleirtal mot avgjerda frå regjeringa.

Vevring i Førdefjorden

VEVRING: Vevring ligg ved Førdefjorden i Sunnfjord, og er bygda som vil få gruvedrift i Engebøfjellet og sjødeponi i fjorden.