Hopp til innhold

– Dette er hjartelaust

Hjorten er påkøyrd, men sjåføren varsla ikkje. Resultat: ei sterkt skadd kolle vart liggjande halvdaud i veggrøfta i mange timar. Svein Sæterlid i Sporhundgruppa i Gaular er rysta over at sjåførar ikkje melder frå om påkøyrsler.

Fann skadd kolle på fylkesvegen mellom Osen bru og Åmot i Bygstad.

STERKT SKADD: Svein Sæterlid hadde ikkje anna val enn å avlive kolla som ein tilfeldig bilist fann i grøfta på den trafikkerte fylkesvegen i Gaular.

Foto: Privat

– Eg kan ikkje forstå at folk gjer noko slikt. Det er rett og slett hjartelaust. Tenk på dei lidingane denne hjorten har hatt. Eg har ikkje ord. Når du køyrer på ein hjort som får så store skader at den er lamma bak, så veit du om at du har gjort det. Det finst ingen unnskyldning for å køyre frå dyr utan å varsle, seier Sæterlid.

Oppdaga av tilfeldig forbipasserande

Ifølgje han er hjorten mest truleg påkøyrd natt til torsdag eller tidleg torsdag morgon. Den vart påkøyrd på fylkesvegen mellom Osen bru og Operagarden i Bygstad. Men det var først torsdag ettermiddag ein observant bilist melde frå til politiet om kolla.

– Den var vanskeleg å sjå for forbipasserande, men all ære til sjåføren som synest ho såg noko i grøfta og rygga tilbake, seier Sæterlid.

Sjuande hjorten som er påkøyrd

Han er ein av dei som rykker ut når det kjem inn meldingar om påkøyrde hjortar anten frå politiet eller viltnemnda. Sidan søndag kveld er dette den sjuande hjorten som er påkøyrd berre i Gaular.

Skadd kolle på fylkesveg i Gaular.

VONDT: Det var tydelege spor etter at kolla hadde prøvd å kome seg på beina utan å lykkast.

Foto: Privat

Då han og kollegaen kom fram til kolla var det tydelege spor etter at den hadde prøvd å kome seg derifrå med hjelp av frambeina. Sæterlid fortel at bakparten var sterkt skadd og lamma.

Hans svært tydelege oppmoding til sjåførar som opplever å køyre på hjort eller andre dyr er:

– Meld frå til politiet, så varslar dei oss som skal ut og handtere dette.

Trur det er mørketal

Han veit ikkje omfanget av tilfelle der sjåførane ikkje varslar, men reknar med at det er mørketal.

– Frå tid til anna opplever vi at dyr vert påkøyrde utan at sjåførane varslar. Men det er kanskje mange tilfelle vi ikkje oppdagar før vi får melding om dyr som haltar, som vi ikkje har høyrt noko om før. Det har vore avliva eit dyr i jakta her i Gaular i år som var full i betennelse i ein påkøyrsleskade.

Straffbart å ikkje melde frå

Operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt har heller ikkje tal, men seier at det i snitt er ein påkøyrsel kvar dag i Sogn og Fjordane. Men han trur dei fleste melder frå når dei køyrer på dyr. Han er kritisk til sjåførar som ikkje melder frå.

– Det er heilt forkasteleg. Alle som køyrer på dyr er pliktige til å melde frå, slik at vi får varsla viltnemndene i kommunane som rykker.

Han har ikkje oversikt over om det er sjåførar som er blitt tekne og straffa for manglande varsling, men normalt vil slike lovbrot verte straffa med bøter.