NRK Meny
Normal

– Dette er heilt, heilt rått

Rasmus Haugen (15) frå Hornindal er ein atlet av dei sjeldne. Prestasjonen han blir skildra som spesielt imponerande.

Rasmus Haugen på veg i mål

PÅ VEG TIL MÅL: Rasmus Haugen (15) imponerte stort under Hornindal Rundt laurdag.

Foto: Hornindal Rundt

– Det er så imponerande at eg trur folk har vanskeleg for å forstår det.

Slik skildrar mediesjef Svein Otto Espe i Hornindal Rundt løpet til ungdomen frå arrangørbygda. Og han er truleg ikkje den einaste som let seg imponere. Den korte varianten av Hornindal Rundt er på 38 kilometer og deltakarane må forsere 2900 høgdemeter totalt.

Det er med andre ord ikkje barnemat. Men for nokon kan det likevel verke som det er nettopp det. Rasmus Haugen sprang i mål til tida 4:48:12.

– Ein 15-åring som eigentleg ikkje skal vere ferdig utvikla, og som spring den distansen på den tida. Det er heilt, heilt rått, seier Espe oppglødd.

Hornindal Rundt blir av mange kalla Norges tøffaste fjelløp og lokka i helga 100 deltakarar i den lengste versjonen og 130 til den litt kortare versjonen.

Kledeleg beskjeden

Sjølv vil ikkje 15-åringen skryte så veldig av eigen prestasjon. Når han høyrer Espe sine karakteristikk ler han litt.

– Det er no bra, men eg tenkjer ikkje så mykje på det sjølv, seier Haugen til NRK.no.

Under laurdagens løp slo han rekorden frå i fjor med litt over minuttet. Tenåringen som byrjar i tiandeklasse til hausten er kledeleg beskjeden og meiner sjølv at han ikkje trenar så mykje.

– Eg går mykje på fjellet, og syklar litt, fortel han.

Tal på kor mange timar som går med har han ikkje, men turar i fjellet blir det mange av. Nokre korte og andre litt lengre.

– Eg likar det. Det er fin natur og eg trivst der, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Startskotet har nettopp gått for fjelløpet Hornindal Rundt 2013

DOBBELT SÅ MANGE: Vel 100 personar stilte til start i den lengste utgåve av Hornindal Rundt laurdag. Det er dobbelt så mange som i fjor.

Foto: Hornindal Rundt

Veit ikkje om han vil satse

Rasmus Haugen var vinnaren av Hornindal Rundt, 38 kilometeren

VANN: Rasmus Haugen (15) frå Hornindal imponerte stort og vann det 38 kilometer lange løpet i Hornindal Rundt.

Foto: Hornindal Rundt

Men 38 kilometer, som løpet på laurdag, det skjer ikkje så ofte. Likevel kjente han løypa så bra at han kunne leggje opp eit perfekt løp og kom i mål 20 minutt før andremann.

– Eg begynte ganske roleg. Eg kjenner løypa godt, så eg visste korleis eg burde legge opp løpet, seier han og vedgår at han går der løypa er brattast.

Om fjelløp er noko han skal satse på framover har han ikkje bestemt seg for enno.

– Vi får sjå, seier han.

Ein som håpar ungguten veit å fortsetje er Svein Otto Espe som er med å arrangere Hornindal Rundt. Han meiner folk sjølv må kome seg opp i løypa for å forstå kor bra tid den unge honndølen faktisk har levert.

– Eg oppmodar alle som er interessert i å gå i fjellet om å ta turen, sjå på klokka og så kan ein prate etterpå om kor imponert ein er, seier han

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser