NRK Meny
Normal

– Det er heilt uakseptabelt å ikkje ha nok til nye vegar og vedlikehald

– Det er heilt uakseptabelt at fylket ikkje har ei einaste krone å bruke på veginvesteringar framover, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FÅR MINDRE TIL VEG: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier det er heilt uakseptabelt at fylket ikkje får meir pengar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylket vil få 180 millionar mindre til veg i 2014 enn i år. Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner at det ikkje er rom for nye, store investeringsprosjekt på veg her i fylket i den i Regional transportplan frå 2014-2023.

Fylkesordføraren seier dei fått mykje mindre enn venta.

– Det er totalt uakseptabelt at fylket ikkje skal ha rammer som gjer at vi kan gjere nyinvesteringar. Sogn og Fjordane er ikkje ferdig utbygd, vi har mellom anna ikkje samanhengande vegsamband nord-sør langs kysten, seier ho.

Likar ikkje ny fordelingsnøkkel

Sidan Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet er ferdige, var det venta ein viss nedgang i rammene. Men Kjelsnes seier nedgangen er mykje større enn venta.

Ho er heller ikkje nøgd den nye fordelingsnøkkelen som legg meir vekt på folketal enn veglengd.

– Vi kan ikkje kan leve med at det ikkje er pengar til investeringsprosjekt. No må vi jobbe for å påverke regjering og storting.

– Partiet dit sit jo i regjeringa?

– Ja, og eg er ikkje nøgd med dei nøklane som ligg til grunn. Det er sagt at inntektssystemet fram mot 2015 skal gåast gjennom og då må vi bruke denne tida til å forklare kva konsekvensar dette får.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det er så lite pengar til vegane i Sogn og Fjordane at forfallet kjem til å auke dei komande åra. 
Kystvegen og ferdigstilling av Olden - Innvik er to av vegprosjekta som no er heilt i det blå

SJÅ TV-SAKA: Det er så lite pengar til vegane i Sogn og Fjordane at forfallet kjem til å auke dei komande åra.

Forfallet vil auke

Fylkeskommunen får også for lite pengar til drift og vedlikehald av fylkesvegane i planperioden. Slik det ser ut i dag vil den årlege løyvinga liggje om lag 50–55 millionar kroner under det Statens vegvesen har vurdert som naudsynt for å stogge forfallet på fylkesvegane. Det betyr at forfallet vil auke dei komande åra.

– Det er heller ikkje akseptabelt. Sidan fylkeskommunen overtok mykje vegansvar i 2010, så har vi klart å halde stand og ikkje auke forfallet. Men med dei nye rammene vi har fått, så vil vi ikkje makte det.

Trur på meir pengar

Statssekretær Geir Pollestad seier Sogn og Fjordane truleg får meir pengar til vegvedlikehald enn fylkesrådmannen har lagt til grunn.

Eit anslag frå Samferdsledepartementet viser at fylket kan få over 70 millionar årleg ekstra til vegvedlikehald. Til samanlikning får Akershus 20 millionar. Det er summen fylkesrådmannen har lagt til grunn for Sogn og Fjordane.

Statssekretær Geir Pollestad vil ikkje kommentere summen direkte, men seier fylket skal få sin rettmessige del.

– Eg trur det, men Sogn og Fjordane er i ein litt spesiell for det har vore gjennomført to store investeringar. Dei siste fire åra har fylket fått ein veldig stor del av midlane nettopp for å handtere dei investeringane. No når prosjekta er ferdige, er det naturleg at beløpet går noko ned. Men Sogn og Fjordane vil likevel få sin del av midlane som kjem, seier han.

Her er nokre av fylkesrådmannen sine forslag til Regional transportplan:

  • Det er ikkje rom for nye, store investeringsprosjekt på veg her i fylket. I forslaget til RTP har berre lagt inn to mindre investeringsprosjekt i perioden fram til 2017, nemleg utbetring av Daløy ferjekai i Solund og rasoverbygg ved Kleiva på fv. 633 i Selje.
  • Når det gjeld gang- og sykkelvegar, er det ingen nye prosjekt i forslag til plan, men fylkesrådmannen legg opp til å fullføre arbeidet med Kinnvegen i Flora.
  • Fylkesrådmannen har ikkje teke stilling til Førdepakken i denne omgang. Det er derimot lagt inn nokre trafikktiltak i Førde sentrum på marginallista. Desse kan setjast i gang om fylkeskommunen får pengar til det.
    Ingen ferjeavløysingsprosjekt og for lite til vedlikehald
  • Det har tidlegare vore lansert to moglege ferjeavløysingsprosjekt her i fylket: Atløysambandet i Askvoll og Ytre Steinsund i Solund. Fylkesrådmannen har ikkje teke med nokre av desse i forslaget til plan, då dei innsparte ferjemidlane ikkje er nok til å fullfinansiere prosjekta.
  • Fylkeskommunen får også for lite pengar til drift og vedlikehald av fylkesvegane i planperioden. Slik det ser ut i dag vil den årlege løyvinga liggje om lag 50–55 millionar kroner under det Statens vegvesen har vurdert som naudsynt for å stogge forfallet på fylkesvegane. Det betyr at forfallet vil auke dei komande åra.
    Fylkesrådmannen legg ikkje opp til at ordinære fylkeskommunale midlar skal gå til skredsikring. Skredssikringstiltaka skal finansierast av dei statlege tilskota til rassikring. Fylkeskommunen har sett i gang to skredsikringsprosjekt som skal gjerast ferdige i 2013–2014: fv. 152 Algøya i Balestrand og fv. 337 Buskredene i Luster.
  • Forslaget til plan inneheld også eit forslag til vidare prioriteringsliste for skredsikringsprosjekt i fylket. Her forslår fylkesrådmannen fv. 337 Bjødnabakken i Luster og Lindeskreda som nummer ein, og fv. 152 Alstokka i Balestrand som nummer to. Sistnemnde meiner fylkesrådmannen bør gjennomførast i samband med arbeidet på Algøya.
    Politisk handsaming

Hovudutvalet for samferdsle handsamar forslaget til Regional transportplan 18. juni, før fylkesutvalet gjer vedtak om høyring 26. juni. Fylkestinget skal vedta endeleg Regional transportplan i desember 2013.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.